Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Åhomnuten i Vrådal

Date:
05.07.2026
Distance:
9.0km

Map    

Røysdalsnuten

Date:
04.07.2026
Distance:
11.1km

Nydeleg tur i vakre Telemark. ..... framh.

Map    

Brattefjell

Date:
03.07.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.0km

Tur til høgaste topp i Seljord kommune. Passerte Åmotsdal, og tok opp fyrst bratt humpete asfalt-veg, som betre grusveg. Parkerte ved Bjåen. Tok terrengsykkel frå hyttefelt like før bru. Fint med bratt å sykkle 2,6 km inn til Sandsetvatnet. Framh.....

Map    

Røssesete - fire toppar

Date:
28.06.2026
Distance:
14.2km

Køyrde opp til Harastølen på dårleg veg. Eit gjerde møtte meg ved husveggen, sannsynlegvis fordi deler av bygget kunne falle ned. Bygget såg svært til nedfalls ut. Men ein kunne køyre vidare rundt hovedbygget, og til stølen Røssesete på bomveg, Vipps kr 50 til grunneigaren. Røssete var både litt idyllisk og noko dramatisk. Fin foss, truande ur, og svart klippe-liknande fjell hengande over. Fin merka sti opp, men turskilt her, og ved eitt stikryss, låg på bakken delvis øydelagde. Følte meg plutseleg mindre velkomen. Men det gikk fort over då fasinasjon over, for meg, eit nytt landskap tok tak. Opp til Jagershaugen vurderte eg å ta av tidleg, men enda på å følgje stien lenger, for så å gå flanken opp. Det var lettare en det såg ut for. Kjapt opp, og fin utsikt. Blikket >>>

Map    

Klantenovi 11/26

Date:
27.06.2026
Distance:
4.1km

Restitusjonstur i varmen med Sander.

Map    

Klantenovi 10/26

Date:
25.06.2026
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.1km

Bra tempo i dag. 38:30 i flg Polar-klokka. Peakbook skriv start kl 14:47 og mål kl 15:26. Det bli 39 min, medan den oppsummerer med 41 min. Men det var ein fin trim-runde.

Map    

Vigdalen - tre toppar.

Date:
22.06.2026
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
20.2km

Min fyrste tur inn Jostedalen for å gå topp-tur. Køyrde opp til parkering ved Vigdalstøl. Bratt og svingete, men fin asfaltert veg. Grusveg på bomveg siste par km. Gikk 100 meter tilbake og over bru og sti mot Fivla. Sporet svikta fyrste km frå parkeringa. Frå sti-krysset tok eg til høgre i retning DNT-hytta Fivla. Tok så av stien nokre hundre meter før DNT-hytta, og gikk utanom sti til toppen. Greitt men nokre skrentar innimellom. Flatt på topp-punktet. Retur same veg, og no vart det bushing opp mot Storhaug. Denne toppen blir kun besøkt grunna samle-lista. Heilt tilgodd på Storhaug. Ruta nedatt la eg i retning stølen Breisete. No fann eg fin sti som følgde ryggen. Så leita eg litt ved elva for å finne gamle stien mot Drivande. Denne stien bar preg av at den er lite nytta, >>>

Map    

Amlaholten 6/26

Date:
16.06.2026
Characteristic:
Hike
Distance:
5.2km

Lengste runden i dag. Sander var med. Kjekt.

Map    

Klauvekeipen

Date:
15.06.2026
Duration:
2:12h
Distance:
8.1km

Etter den lange turen med Keipen turlag i går, måtte området nyttast til topptur i dag og. Med bubilen parkert ved Magnildsskardtunnellen, var utgangspunktet godt. Valet fall på Klauvekeipen. Fin tur i dette karakteristiske fjellområdet. Litt kuppert, med vekselsvis stein og vegetasjon. Stien tyda på at dette er ei mykje brukt rute. Flott utsikt frå toppen.

Map    

Bremangerfjell

Date:
14.06.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:43h
Distance:
22.0km

Fantastisk tur, og difor mange bilder og med utfyllande tekst.Kom opp dagen før turen. Parkerte bubilen ved oppstillingsplass 200 meter sør for tunnellen ved Magnhildskardet. Området har tavler med omtale av turstiar til fleire turmål i området. Laurdag kl. 9 var det tur-start oppe ved tunnellen. Stien gikk opp på høgre side av tunell-inngangen. Fjellbjørkeskog i starten, og snart var vi oppe i dette særprega landskapet av devonsk sandstein. Over 200 hyller er det i området, der høgda kan variere frå 50 - 200 meter. Landskapet kan verke "rotete", og er openbert vanskeleg å navigere i. Særprega natur i Norge, men også i internasjonal målestokk. Difor var det svært spennande å vere med på denne turen. To geologar, der ein var professor, var også med. I alt var det >>>

Map