Archivo - fecha

Amigos de Peakbook

Hasta el momento no tengo "contactos Peakbook".

Listas obtenidas

Morgontur til Gryta

Fecha:
24.08.2026
Mapa    

Nydeleg tur til Skaarfjellet

Fecha:
23.08.2026

Opp via Innigardssetra og Skihellevatnet og ned via Skaarsetra Starta i lett skodde, men vart utruleg fint då sola kom fram. Den aller finaste utsikta over Oppstrynsvatnet er mellom Skaarfjellet og Skaarsetra

Mapa    

Fin runde til Skaarfjellet etter jobb

Fecha:
19.08.2026

Eg gjekk opp via Innigardssetra og ned ved Skaarsetra (ca 13km)

Mapa    

Ei solid motbakkeøkt etter jobb

Fecha:
18.08.2026
Mapa    

Gryta

Fecha:
17.08.2026
Mapa    

Nysnø på Skåla

Fecha:
04.08.2026

Mapa    

Skoddetur til Solfjellet

Fecha:
21.07.2026

Eg gjekk opp stien frå byggefeltet til Solfjellet og så ned til Mannsvatnet. Det var veldig mykje gras på starten av stien, og for å sleppa å gå i alt graset ned att, gjekk eg ned skogsvegen ved Tverrelva og fekk nokre meter med asfalt på slutten av turen. Eg sat ei stund på toppen og venta på at skodda skulle sprekka opp, men fekk berre eit lite minutt med blå himmel. Det er sikkert ein fin tur viss ein ikkje er allergisk mot gras og går ein dag det ikkje er skodde.

Mapa    

Ulvanosa og Geitadalstind

Fecha:
20.07.2026

Overraskande fint terreng å gå i! Gratis og stor parkeringsplass nede ved vegen, eller ein kan betala 50 kr og køyra opp grusvegen.

Mapa    

Melderskin

Fecha:
19.07.2026

Veldig godt merka sti, stor og gratis parkeringsplass der stien startar, mykje stein, men flott utsikt. Etter turen vart det ein liten symjetur ved Rabben feriesenter.

Mapa    

Bondhusvatnet og Keisarstien til Folgefonna

Fecha:
18.07.2026

Heilt klart den finaste turen i sommar! Veldig god veg og sti, utruleg flott landskap og ein kjem heilt inn til brekanten.

Mapa