Archivo - fecha

Listas obtenidas

Picos favoritos

Fagerliheii

Fecha:
07.07.2026
Distancia:
6.1km

Kjapp tur til ein topp med god primerfaktor. Telemark er ein fin landsdel å feriere i. Variert landskap, og mykje fin kultur. Her var det litt skog i starten. Vidare mest sva-fjell med godt feste. Nokre få plassar med klyve-punkt og nokre litt smale hyller, men innafor. Ved regn hadde dette vore ein mindre eigna tur. Litt vind på toppen, men for det meste sol og passe varmt ver. God utsikt frå toppen, som ligg nokre hundre meter forbi den veldig fine varden. Traff på tre unge nederlendarar. Dei hadde til mi undring vore nokre gonger på toppen. Ein av dei sa at bestemora hans hadde ei lita hytte i nærleiken. Fin tur og god trim.

Mapa    

Åhomnuten i Vrådal

Fecha:
05.07.2026
Distancia:
9.0km

Mapa    

Røysdalsnuten

Fecha:
04.07.2026
Distancia:
11.1km

Nydeleg tur i vakre Telemark. ..... framh.

Mapa    

Brattefjell

Fecha:
03.07.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
16.0km

Tur til høgaste topp i Seljord kommune. Passerte Åmotsdal, og tok opp fyrst bratt humpete asfalt-veg, som betre grusveg. Parkerte ved Bjåen. Tok terrengsykkel frå hyttefelt like før bru. Fint med bratt å sykkle 2,6 km inn til Sandsetvatnet. Framh.....

Mapa    

Røssesete - fire toppar

Fecha:
28.06.2026
Distancia:
14.2km

Køyrde opp til Harastølen på dårleg veg. Eit gjerde møtte meg ved husveggen, sannsynlegvis fordi deler av bygget kunne falle ned. Bygget såg svært til nedfalls ut. Men ein kunne køyre vidare rundt hovedbygget, og til stølen Røssesete på bomveg, Vipps kr 50 til grunneigaren. Røssete var både litt idyllisk og noko dramatisk. Fin foss, truande ur, og svart klippe-liknande fjell hengande over. Fin merka sti opp, men turskilt her, og ved eitt stikryss, låg på bakken delvis øydelagde. Følte meg plutseleg mindre velkomen. Men det gikk fort over då fasinasjon over, for meg, eit nytt landskap tok tak. Opp til Jagershaugen vurderte eg å ta av tidleg, men enda på å følgje stien lenger, for så å gå flanken opp. Det var lettare en det såg ut for. Kjapt opp, og fin utsikt. Blikket >>>

Mapa    

Klantenovi 11/26

Fecha:
27.06.2026
Distancia:
4.1km

Restitusjonstur i varmen med Sander.

Mapa    

Klantenovi 10/26

Fecha:
25.06.2026
Tipo de excursión:
Running
Distancia:
4.1km

Bra tempo i dag. 38:30 i flg Polar-klokka. Peakbook skriv start kl 14:47 og mål kl 15:26. Det bli 39 min, medan den oppsummerer med 41 min. Men det var ein fin trim-runde.

Mapa    

Vigdalen - tre toppar.

Fecha:
22.06.2026
Tipo de excursión:
Senderismo de montaña
Distancia:
20.2km

Min fyrste tur inn Jostedalen for å gå topp-tur. Køyrde opp til parkering ved Vigdalstøl. Bratt og svingete, men fin asfaltert veg. Grusveg på bomveg siste par km. Gikk 100 meter tilbake og over bru og sti mot Fivla. Sporet svikta fyrste km frå parkeringa. Frå sti-krysset tok eg til høgre i retning DNT-hytta Fivla. Tok så av stien nokre hundre meter før DNT-hytta, og gikk utanom sti til toppen. Greitt men nokre skrentar innimellom. Flatt på topp-punktet. Retur same veg, og no vart det bushing opp mot Storhaug. Denne toppen blir kun besøkt grunna samle-lista. Heilt tilgodd på Storhaug. Ruta nedatt la eg i retning stølen Breisete. No fann eg fin sti som følgde ryggen. Så leita eg litt ved elva for å finne gamle stien mot Drivande. Denne stien bar preg av at den er lite nytta, >>>

Mapa    

Amlaholten 6/26

Fecha:
16.06.2026
Tipo de excursión:
Senderismo
Distancia:
5.2km

Lengste runden i dag. Sander var med. Kjekt.

Mapa    

Klauvekeipen

Fecha:
15.06.2026
Duración:
2:12h
Distancia:
8.1km

Etter den lange turen med Keipen turlag i går, måtte området nyttast til topptur i dag og. Med bubilen parkert ved Magnildsskardtunnellen, var utgangspunktet godt. Valet fall på Klauvekeipen. Fin tur i dette karakteristiske fjellområdet. Litt kuppert, med vekselsvis stein og vegetasjon. Stien tyda på at dette er ei mykje brukt rute. Flott utsikt frå toppen.

Mapa