Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Blåtind, Punkt på Skjerdingdalsbreen og Sætreskarsfjellet

Date:
21.06.2025
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:25h
Distance:
16.2km

Planen var spikra tidleg dagen før. Henta ddmbeast (David Dagestad Myklebust) i gryotta. Tungt skydekke i Ørsta som etter planen skulle lette til turstart ved Djupvasshytta. Då det framleis var yr og litt surt ved start blei turen utsatt medan vi sto saman med bubilane i lomma på Neset. Snøven låg så og seie heilt ned til vegen. Gjekk ein litt slakare variant mot Grasdalsreset før vi sikta mot Blåtind. Skodde på toppen. Såg ingenting av ruta vidare, men tenkte at vegen skulle sei seg sjølv, sjølv utan sikt. Raskt bort på punkt på Skjerdingdalsbreen. Måtte av med ski på eit punkt før Sætreskarsfjellet. Skodde litt av og på, men heile tida litt lettare. Gjekk i våre eigne skispor på veg tilbake før vi tok ein rask svippar på Blåtind igjen då det låg at nokon solbriller. Meir direkte linje ned at til bilvegen.

Map    

Storåsnakken

Date:
21.06.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:18h
Distance:
1.4km
Map    

Hesjedalshaugen

Date:
21.06.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:25h
Distance:
7.5km
Map    

Kråkhornet

Date:
09.06.2025
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:56h
Distance:
8.0km

Det regna godt i Ørsta denne morgonen. Det såg ut til å bli ein roleg dag før ddmbeast (David Dagestad Myklebust) tok kontakt med ynskje om å arbeide på Nordfjord pf. 100 lista. Regnet ga seg i Grøndalen og då vi parkerte ved Heggjadalsvatnet hadde sola komt fram. Vi følgte god sti langs Lagmannen til Blåfjellet. Vidare til Kråkhornet var det stilaust, men lettgått. På returen gjekk vi eit lite stykke mot Lindvikskaret før vi braut ned mot aust og retning punkt 368. Traff Heggjadalsvatnet ved den nordlegaste hytta som var plassert fint på eit nes. Følgte stien langs vatnet tilbake til bilen.

Map    

SØ for Kvitenova, Raudnova, Ospelifjellet og Langvasseggi

Date:
07.06.2025
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:15h
Distance:
23.1km

Ny skitur på Strynefjellet saman med ddmbeast (David Dagestad Myklebust) . Gjekk i ruta som fleire no har etablert som fasit. Brukte randonee-ski så kunne både gå og kjøyre litt meir direkte linjer. Bar ski på flata og forbi "fossen" på austsida, men nedatt kjørte vi på vestsida heilt ned til flata. Overskya med innslag av sol. Svært blautt. Strynefjellet/Langvatnet p-plass --> Sørøst for Kvitenova --> Raudnova øst for --> Raudnova --> Ospelifjellet --> sør for vatn høgde 1415 --> sør for vatn høgde 1365 --> Langvasseggi vest --> Langvasseggi --> Strynefjellet/Langvatnet p-plass

Map