Kvimsen (10.05.2026)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 1h 45min
Distance 6.5km
Vertical meters 405m
Map
Ascents Kvimsen (388m) 10.05.2026

Det er ikkje alltid at timinga er rett når ein skal gå tur.
Etter værmeldingane skulle det være mykje nedbør denne dagen. Men det stemte ikkje med det eg såg ut vindauget. Der var det sol, men snø nedover liane. Og eg må innrømme at eg ikkje var heilt klar for å vasse i snø på toppane denne dagen. Så då var det å vende nasen ut mot kysten. Omsider fann eg ut at eg kunne like godt finne ein av toppane eg mangla i Hyllestad. Då fall valet på Kvimsen. Litt blanda vær på veg ut, med både litt regn og litt sol.
Då eg parkerte starta det å regne og på veg oppover gjekk regnet over til tjukke snøfiller. Heldigvis ikkje ein så veldig lang tur dette. Null utsikt på toppen.
Då eg var komen nedatt til Folkestien hadde det letta og sola kikka fram. Så då blei det ei lita runde bortover folkestien i tillegg.

Skulle gjerne hatt litt betre utsikt.
Skulle gjerne hatt litt betre utsikt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.