Slutenosi (28.02.2026)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 3h 06min
Distance 11.1km
Vertical meters 588m
GPS
Ascents Slutenosi (1,503m) 28.02.2026 15:25

Min andre tur til dette målet i februar. Fin rute og flott landskap. Føret var litt spesielt. Snøvolumet er knusk-turt, men med litt papp-skare øvst. Ein søkk 20 cm ned der det ikkje er spor, og stavar går halvmeteren i gjennom, og utan å få tak. Godt då, at det var spor oppover, og litt inn i dalen. Men etter kvart måtte eg brøyte meg opp og inn Vesle Frostdalen. Inne i dalen, like under toppen, hadde det gått 4 sjølvutløyste små ras. Heilt klart stor skredfare i dag. Men ikkje ruta eg gikk. Heldt meg til trygge val og ikkje over 25 grader bratt i dag. Kraftige drønn høyrdest fleire gonger, og med sprekk i snøen som følge. Dette var på stader der det var relativt flatt. I stgninga frå fjellfoten og opp, var det litt fastare, og ikkje så strevsamt å gå. Ja sjølv om det no vart brattare. Knapt 2 timar opp. og vel 40 min nedatt. Strålande ver og fantastisk utsikt. Skulle ha gått ein time før for meir sol på returen. Peakbook-sporet surra, men det var tillatelsar på mobilen som var feilstilt av meg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.