Nydeleg på Glitteregga (12.05.2025)
Written by bakken59
Ascents | Glitteregga (1,297m) | 12.05.2025 |
---|
Etter to dagar på tur til Gjegnen og overnatting på hotell på Nordfjordeid, fann vi ut at ein mindre tur til Glitteregga var det vi hadde lyst på i dag. Etter råd frå ligroenb, som hadde vore to gonger på Glitteregga i helga, bestemte vi oss for å gå på beina med lette sekkar. Vi køyrde til Randabygda og opp til Randastøylen. 50 kr for bomvegen og 20 for parkering var god investering. Stølen var kjempeflott, heilt klart ein fellesstøl for fleire gardar med interessante bygg, murar og vegfar. Vi følgde god stig opp til eit bekkjedele eit stykke oppunder fjellet. Der valde vi å følgje ligroenb sitt gps-spor og gjekk beinaste veg oppover. Vi møtte snøen på ca 1000 moh. Snøen bar, så det var heilt greitt å gå, men den siste snødekte bakken på 300 hm var ganske seig. Då vi vippa over brynet på ca 1250 hm, var det eit nydeleg flatt stykke bort til toppen med varde og eit utsyn i verdsklasse. Vi såg rett ned i Hornindalsvatnet der fjella i nord spegla seg. I sørvest såg vi Jostedalsbreen i nesten full lengd, og mot vest såg vi tilbake mot Gjegnen. Heilt utruleg flott. Vi sat med ryggen mot varden og såg utover Hornindalsvatnet medan vi koste oss med mat. Vi såg tre ryper, snøspurv, og det eg meiner må ha vore ein kongeørn.
Heimturen gjekk vi i same trasé.
5 timar på tur inkludert pauser, 9 km, 835 hm. Anne og Knut var med.
User comments
Ja, vi var heldige!
Written by bakken59 13.05.2025 22:22Dei andre to hadde berre desse tre dagane sett av i kalendrane, medan eg jo er fri og frank. Ikkje opplagt at vi skulle vere så heldige med veret! Gler meg til fleire flotte turar i dette området. Ein eller to vårskiturar neste år kanskje?
1000-pf topper
Written by Stigun 13.05.2025 20:56på løpende bånd! Grattis med Glitteregga og nok en dag med nydelig vær og utsikt i ypperste klasse( mens noen driver med noe så utrolig tarvelig som å jobbe i finværet..)!