Sunndal: Seterfjellet og Råstu (18.05.2013)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Vangshaugen (740m)
Endpoint Vangshaugen (740m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 8h 37min
Distance 28.8km
Vertical meters 1,455m
Map
Ascents Råstu (1,673m) 18.05.2013
Seterfjellet (1,812m) 18.05.2013
Storhøin (1,627m) 18.05.2013
Kom frå teltovernatting ved Gjevillvatnet. Parkerte på Vangshaugen 740 moh. Skeptiske til snøforholda, men det såg bra ut oppover lia. Men så kom denne karen og lufta bikkja si. "Ja det blir bløtt i dag ja, var oppover i går. Gjekk i sørpe til langt oppå leggen" Så demonstrerte han med hendene sine ei høgde som tilsvarte ca 50 cm.... javel ja tenkte vi... Litt meir prat om kvar vi skulle. Seterfjellet og mot Råstu på returen. "Det er 4 mil ja, forferdeleg langt" Ok sa eg , har målt det til 3 mil på kartet. Vi avslutta den samtalen og kom oss avgarde. Han gjekk med bikkja si veldig nærme det området der vi nettopp hadde gjort eit viktig ærend. Best å komme seg til fjells. Fulgte delvis merka sti mot Raubergshytta. Ski på sekk oppover lia til ca 1000 m. Planen var å krysse over her og plukke Gammelseterhaugen. Pga store elvar og særdeles tvilsomme snøbruer frå Fremmervatnet måtte vi berre legge denne på is. Istadenfor vart det ei helsikes liv for å finne rute over elvar og bekkar som var i full flaum alle plassar. Det gjekk akkurat å komme seg over!

Pusta letta ut og gjekk vidare mot Storhøin. Herifrå ski på sekk igjen eit langt parti mot Seterfjellet. Vel framme på Seterfjellet hadde vi brukt heise med tid pga alle problema med elvekryssingane. Vi måtte berre mate på mot Råstu. Heldigvis var det her fine snøforhold i nordvende parti. På Råstu fann vi skispor som gjekk mot Vangskaret. Folk hadde vore her 17.mai. Vi såg over mot morgondagens tur, Storskrymten. Såg veldig spøkje ut med snø for å seie det forsiktig! Frå Råstu var det derimot fint skiføre langt ned. Omsider nede ved veien venta Lise medan eg gjekk ca 1 km oppigjen til Vangshaugen og henta bilen. Mannen med kjøteren var heldigvis ikkje å sjå. Ein tlfsamtale til Oppdal bekrefta at pizza, øl og turplanlegging var på menyen hos Johan. Flott tur, ny 1800-metring, gedigen utsikt nordover mot Trolla, Tåga og mange andre toppar som vi til no berre har høyrt om. For eit område, her kjem vi tilbake!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.