Skratleheia (11.08.2024)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 3h 45min
Distance 11.1km
Vertical meters 448m
GPS
Ascents Skratleheia (678m) 11.08.2024

Etter gårsdagens vær, så er det godt å komme seg på ein ny tur vel vitande om at det stort sett er blautt i marka.
Det er ei stund sidan sist eg var på Skratleheia og tenkte det var ein grei tur i dag. Hadde planer om å ta samme rute som sist, men det var uråd å komme over elva ved Skarsvatnet. Vi valte difor å gå til venstre ved vatnet. Det var sti langs vatnet, så det var heilt greitt å gå. Vi studerte litt på korleis vi skulle komme oss opp på ryggen og valte ei grei rute opp utan sti. Oppe på høgda fann vi ein sti vi fulgte eit stykke før den vart vekk, mest truleg på grunn av litt myrete terreng.
Greitt å finne fram til toppen derfra uansett. På returen fann vi ein sti ned frå høgda. Denne fulgte vi og tok av mot venstre opp igjen til Skarsvatnet. Det blei ein liten dukkert i vatnet før vi for nedatt til bilen. Tenkt så heldige vi var. Stort sett opplett og til og med litt sol på vegen.

Skarsvatnet
Skarsvatnet
På Skratleheia
På Skratleheia
På Skratleheia utsikt mot Steinset
På Skratleheia utsikt mot Steinset
Skarsvatnet
Skarsvatnet
Alværstølen
Alværstølen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.