Langevasshornet ++ (04.08.2024)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 34min
Distance 15.1km
Vertical meters 954m
GPS
Ascents Langevasshornet (591m) 04.08.2024
Storetua (430m) 04.08.2024
Svartevasshornet (585m) 04.08.2024
Tverrfjellet (446m) 04.08.2024

Etter det eg kunne sjå, var dei beste værmeldingane i ytre i dag. Så då blei det tur til Bremanger og ein av dei toppane eg har mangla der ute.
På veg ut var det mykje regn og litt yr innimellom. Eg parkerte nede ved vegen ved Eikeset. I det eg hadde parkert bilen og gjorde meg klar for å gå, slutta regnet og eg håpa i det lengste at tåka skulle lette også. Eg gjekk opp vegen ved Eikeset og vidare over på traktorveg, som etterkvart minna meir om ein litt brei sti enn ein traktorveg. Greitt å gå på når det tydeleg har regna denne natta.

Etter kvart gjekk vegen over i merkt sti og dermed litt blautare å gå. Stiane i Bremanger er veldig godt merka, så når det var litt tåke på Langevasshornet, så gjorde ikkje det så mykje med tanke på at det er mogleg å sjå kvar eg skulle gå uansett. Eg hadde nok føretrekt å gå utan tåka på toppane, men av og til så skjer det og då reiser eg ikkje heimatt utan å gå turen eg har planlagt.
Greitt merkt til både Langevasshornet og Svartevasshornet. Gjekk nedatt stien og fulgte merka sti vidare og kom opp på ryggen mot Storetua og fulgte ryggen dit og vidare til Tverrfjellet. Dette var ikkje merka, men greitt å finne fram. I staden for å gå tilbake på ryggen forbi Stortua fann eg ut eg ville gå ned Skipardalskaret og sikta meg inn på stien mot Hesten. Fulgte denne stien nedatt til vegen og tilbake til bilen. E

Eg kan ikkje sei at eg møtte noko litt ampre sauer, men det er greitt å ikkje ta sjansen :)
Eg kan ikkje sei at eg møtte noko litt ampre sauer, men det er greitt å ikkje ta sjansen :)
Litt humoristisk vri på eit viktig tema: Lat att grinda!
Litt humoristisk vri på eit viktig tema: Lat att grinda!
Grei veg på veg oppover
Grei veg på veg oppover
Utsikta på veg oppover kan ikkje klagast på
Utsikta på veg oppover kan ikkje klagast på
Men utsikta på toppen var vel heller litt mangelfull.
Men utsikta på toppen var vel heller litt mangelfull.
Utsikta litt under toppen av Langevasshornet mot Svartevasshornet.
Utsikta litt under toppen av Langevasshornet mot Svartevasshornet.
Utsikta frå Svartevasshornet var heller ikkje så sprek
Utsikta frå Svartevasshornet var heller ikkje så sprek
På vegen var det litt utsikt
På vegen var det litt utsikt
På vegen var det litt utsikt
På vegen var det litt utsikt
Utsikt mot Tverrfjellet. Eg gjekk opp på venstre sida av toppen.
Utsikt mot Tverrfjellet. Eg gjekk opp på venstre sida av toppen.
Utsikt frå Tverrfjellet
Utsikt frå Tverrfjellet
Utsikt frå Tverrfjellet
Utsikt frå Tverrfjellet
Varden på Hesten
Varden på Hesten
Utsikta frå Hesten var kanskje dagens høgdepunkt.
Utsikta frå Hesten var kanskje dagens høgdepunkt.
Utsikta frå Hesten var kanskje dagens høgdepunkt.
Utsikta frå Hesten var kanskje dagens høgdepunkt.
Eg avslutta dagen i Bremanger med eit lite bad på Grotlesanden. Forfriskande godt.
Eg avslutta dagen i Bremanger med eit lite bad på Grotlesanden. Forfriskande godt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.