Dronningruta (31.07.2024)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Stø (41m)
Distance 14.6km
Vertical meters 1,148m
GPS
Ascents Kjølen (456m) 31.07.2024 19:04
Kjølen sør for (446m) 31.07.2024 19:04
Sørkulen (518m) 31.07.2024 19:04
Finngamheia (448m) 31.07.2024 19:04
Finngamheia nordvest for (440m) 31.07.2024 19:04
Mælen (314m) 31.07.2024 19:04

Eit av svigerfamilyen sitt store mål i ferien var den såkalla Dronningruta. Eit kjapt søk på peakern viste at dette sjølvsagt var eit prosjekt eg måtte støtte opp om.

Bratt opp frå Stø, men bra tempo. Så når vi kom opp på høgda var det rolig terreng vidare. Nydelig utsikt, og vi plukka den eine toppen etter den andre. Var jo nokon kilometer då, men både Magne på 73, Eskil på 8, Henning på 12 og Mari på 42 hang fint med.

Nedstiginga frå Finngamheia var på ein spennande rygg. Mari og kidsa skulle gå til Nyksund og få skyss derifrå, medan eg og Magne skulle gå tilbake til bilen på Stø. Eg sprang i forveien og plukka med meg Mælen, før vi byrja trasken langs sjøen til Stø.

Lite å melde langs kysten, bortsett frå steinalder- og bronsealderbustadane rundt Skipssanden. Her ute i havgapet langt mot nord har det altså budd folk i lange tider. Det virkar jo heilt uvirkelig i dag, men dei har vel hatt ein del kunnskap om overlevelse som har gått i gløymeboka. Milde måne.

Superduper tur! Lang var den også. Eg var litt gåen, men det var det ingen andre som ville innrømme at dei var. Avslutta med is på cafeen på Stø.

Start date 31.07.2024 11:58
(UTC+01:00 DST)
End date 31.07.2024 18:10
(UTC+01:00 DST)
Total Time 6h 12min
Moving Time 5h 12min
Stopped Time 1h 00min
Overall Average 2.4km/h
Moving Average 2.8km/h
Distance 14.6km
Vertical meters 1,148m

User comments

  • -
    avatar

    Tjohooo!

    Written by uglefisk 31.07.2024 20:00

    Er det ikke deilig å få spikra inn noen fine turer i nord? :D Fin gjeng på tur!

    • -
      avatar

      Sv: Tjohooo!

      Written by kobbenes 31.07.2024 20:41

      Ja dette var ein draum! Forstår godt kvifor de likar dykk her oppe :-) har hatt god nytte av turrapportane dine i planlegginga ;-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.