Ravnanuten frå Stranddalen (11.03.2023)
Written by Kaare_70
Ascents | Ravnanuten (1,134m) | 11.03.2023 |
---|
Lørdagen i Stranddalen vakna me til brukbar sikt og betre ver enn meldt, men me kunne ikkje kjenna oss trygge på at det ikkje ville dra seg til med snøver og vind, og dermed snøføyke. Me la derfor lista ganske lågt og ville få med oss dei enkle toppane Ravnanuten og Pjåkavassheia austover frå hytta. Me følgte spora etter dei fire karane frå Ungarn fram til 1006-vatnet og tok oss greit opp til toppen av Ravnanuten frå aust. Høgdepunktet utanom sjølve toppen var då me såg ei simle og ein kalv kryssa Pjåkavassdalen. Dei var tydeleg vare oss sjølv om me var bortimot 1 km vekke, og me såg sjølvsagt ikkje meir til dei.
Vidare fekk me ein fin tur gjennom den markerte Pjåkavassdalen sjølve og kryssa dermed dyrespora. Vel framme ved vasskanten på 1066 moh tok me oss ein matpause i nokonlunde le for ein vestleg trekk. Solgløtt hadde kome og gått, men her drog det seg litt til med snøver og vind, så eg valgte å kasta inn handkleet og returnera til hytta medan spora våre var godt synlege. Det vart 3 ½ timar på tur på oss som snudde, medan tredjemann kom seg greit til topps på Pjåkavassheia og tilbake. Han var heller ikkje snauare enn at han gjekk aleine til Napen etter ein god lunsj med steikt egg og bacon i hytta – og det i tidvis snøføyke – godt at me er forskjellige!
User comments