Kyrnosa (18.02.2022)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Distance 5.4km
Vertical meters 535m
GPS
Ascents Kyrnosa (617m) 18.02.2022 15:07

Nok ein dag med litt sånn post-korona utferdstrang. Min long-short-covid er slik at ein kjenner seg frisk og fin når ein sit i ro. ein oppdagar derimot raskt at kroppen ikkje heng med når ein byrjar å røre på seg.

Men altså, i dag var det vårsol og nysnø, så då måtte eg ut. Planen var ein kort tur på Maurstadeidet som skulle innbringe intet mindre enn TO raude nåler. På veg opp bakkane mot Kyrnosa vart eg merksam på to ting. For det første var det riktig så flott føre med fersk nysnø. For det andre var eg ikkje på veg mot Kyrnosa men mot Navehornet. Utan at det var ein metafor for noko meir, altså.

Etter litt omstrukturering gjekk endelig vegen mot Kyrnosa, men siste bakkane mot toppen var tunge. Det byrja å ane meg at det berre vart ei raudnål i dag. Då kombinasjonen av tette bihuler og blindeføre gjorde nedfarta til ein flau affære var det klart at neste mål ikkje var Nipa, men bilen.

Så rulla det inn ei skikkelig byge, og eg grov ein snøprofil i eit heng medan eg venta på fineværet. Sola kom, og belønninga vart flott køyring ned siste bakken, med null skredfare. Ikkje dårlig det altså.

Start date 18.02.2022 12:18
(UTC+01:00)
End date 18.02.2022 14:40
(UTC+01:00)
Total Time 2h 21min
Moving Time 1h 30min
Stopped Time 0h 51min
Overall Average 2.3km/h
Moving Average 3.6km/h
Distance 5.4km
Vertical meters 535m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.