Nordfjell i Kvinnherad (11.10.2021)

Written by Augustusogmegpaatur

Start point Valen sjukehus
Endpoint Valen sjukehus
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 30min
Distance 6.0km
Map
Ascents Nordfjellet (560m) 11.10.2021
Visits of other PBEs Oldebotn (364m) 11.10.2021

Måndag i haustferien tok me turen nordover til Kvinnherad. Planen var å gå til Kviteggjo sør for Rosendal, men det viste seg at ferjene mellom Skålevik og Matre ikkje gjekk så ofte, og når vermeldingane for ettermiddagen var heller elendige, bestemte me oss for å ta over fjorden til Utåker i staden og heller finne ein tur der slik at me kom oss avgarde mens veret enno var OK. Valet fall då på Nordfjell mellom Utåker og Husnes. Me svingte av ved Valen sjukehus og parkerte på ein parkeringsplass like ovanfor sjukehuset. Herfrå følgde me grusveg og traktorveg oppover skråninga. I stiskiljet eit stykke oppe tok me til høgre og passerte hytta på Oldebotn. Me fortsatte oppover, og oppe på flaten over tregrensa kom me til eit nytt stiskilje. No tok me til venstre i staden for å gå vidare oppover til Vardhaugselet og Mjelkhaug, og forsette mot Nordfjell og tok rundturen ned att.
Dette var ein tur eg ikkje visste noko om på førehand, men det var ein tur som overraske positivt! I finare og varmare ver enn det me hadde (det snødde faktisk på toppen!), må turen fantastisk. Så kanskje tar me turen tilbake og går både til Vardhaugselet og Mjelkhaug!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.