Heståsen på Fister (13.05.2021)

Written by Augustusogmegpaatur

Start point Fister kai
Characteristic Hike
Distance 5.5km
Vertical meters 275m
Map
Ascents Heståsen (274m) 13.05.2021

Ryfylke, altså! Eit eldorado av øyer og holmar og små viker, men jammen meg eit eldorado av toppar av ulike høgde som byr på nydeleg utsikt! Me er så heldige at me har hytta vår her inne, og frå denne har me ganske stor rekkevidde. Kristihimmelfartsdag tok me båten over til Fistervågen og gjekk derfrå til Heståsen, ein tur på ca 5,5 km tur/retur. Mesteparten av turen går på grus- eller traktorveg, men når du nærmar deg toppen opnar landskapet seg litt og du går ut i terrenget - saman med sauane! Frå toppen er det utsikt utover Fisterfjorden mot Fogn og nordover mot Eikefjellet på Halsnøy. Ikkje den verste utsikta, med andre ord!
Me valde å halde til høgre i stiskiljet på veg opp slik at me gjekk på nordsida. På veg ned att gjekk me vidare i retning Årdalsfjorden slik at me fekk ein liten rundtur før me kom inn att på den same grusvegen som me gjekk opp. Ein nydeleg liten tur i vakkert kulturlandskap, rett og slett!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.