Halvmaraton frå Kåsastølen til Målandsdalen om Krøys (11.10.2020)
Written by Kaare_70
Ascents | Bergeheia (847m) | 11.10.2020 |
---|---|---|
Aust for Hildravatnet (682m) | 11.10.2020 | |
Krøysaheia (836m) | 11.10.2020 | |
Lågahei (801m) | 11.10.2020 | |
Venafjellet (751m) | 11.10.2020 |
Endå ein framifrå langtur i strålande haustver og spennande terreng i Krøys aust for Jørpelandsheia. Me sette ein bil øvst i Målandsdalen og starta frå Kåsastølen i Lyngsheia kl. 0930. Følgte den gode stien vestover til Sunnmork som var nytt bekjentskap for oss, og som viste seg fram frå si beste side; damstilt på vatnet og vakre haustfargar i liene.
Ifølge Stavanger Turistforening var Sunnmork i si tid ein av dei gjevaste gardane i midtre del av Lysefjorden. Ut frå skriftlege kjelder veit me at garden var i bruk alt frå ca. 1625. Gardsdrifta vart det slutt på i 1860-åra, då den siste brukaren, Ådne Sønnmork, flytta til Amerika.
Etter ein matpause i strandkanten fann me vegen vidare vestover, stilaust men greit opp Bakkane til høgdedraget vestanfor. Her var det kjempeutsikt tilbake mot Sunnmork og Hardhausen, men óg svært interessant å sjå vidare vestover Krøys der me skulle. Me drog kjensel på både Bergeheia og Krøysaheia som me tenkte oss opp på, og dessutan fekk me fin utsikt over dalføret Buene og den sørlegaste bukta på Krokavatnet.
Det vart litt krongle å koma seg gjennom Buene, som er prega av ein del fjellbjørk og grovblokka urd. Men me kom oss greit gjennom dalføret og fann ein høveleg oppgang til Bergeheia litt nord for sjølve toppen. Dette er nest høgaste punktet vest for Songesandvegen og dermed i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark (nest etter Vongsa-massivet). Det dei færraste veit, er at Høgavatnet på 729 moh like vest for Bergeheia er høgstliggande kjelda til Jørpelandsvassdraget. Ja, faktisk drenerer så godt som heile Krøys til Longavatnet og endar opp i Jørpelandsvågen. Brogavatnet som endar opp i Tauvassdraget og Holmatjødna som renn ned i Lysefjorden, er to av dei få unntaka.
På Bergeheia toppa me ut til eineståande rundskue kl. 1230 etter 3 timar på tur i roleg tempo, og det vart god tid til ein ny mat- og kaffipause. At det ikkje er flust med besøk her øvst i Krøys er ganske sikkert, for det er om lag 7 km i luftlinje til asfaltert veg både dit me kom ifrå og dit me skulle vidare.
Det var svært interessant å studera landskapet både vidare utover mot Jørpelandsheia og innover i Ryfylke, og me drog kjensel på det meste. Kjempene Kyrkjenuten, Skaulen og Snønuten var alt kvitpynta, medan til dømes Fjellsenden ikkje var det. Når det gjeld kjende toppar i Jørpelandsheia var det faktisk ganske krevande å bestemma nokre av dei, dette pga. den uvanlege vinkelen me såg dei ifrå.
Vidare måtte me sjølvsagt oppom den eksponerte Krøysaheia ovanom Krokavatnet, og her gav vegvalget seg sjølv. Denne toppen stikk seg fram frå alle kantar med si høgreiste form, og utsikten skuffa absolutt ikkje; spesielt flott over Kroka- og Hildravatnet og det flate heieområdet rundt. Her toppa me ut kl. 1350, og etter ein del fotografering fann me vegen bratt ned til og langs austsida av Krøysatjødna. Her var det heldigvis framkommeleg, noko me ikkje kunne vita sikkert på førehand.
Det var endå mykje att av dagen, og me tok derfor turen oppom Lågahei med den flotte varden kl. 1435 og vidare ned og opp på Venafjellet kl. 1515, der høgaste toppen lengst vest faktisk var vardelaus. Her fekk me framifrå utsikt over Skitli og Venavatnet, og den vart innteken saman med ein ny runde mat og kaffi. Sør for Venafjellet kleiv me opp like ved ei veldig "glefse" der ei diger skive av sjølve fjellet har skilt seg frå resten. Resultatet er ei djup og parallell kløft som det er vel verd å vera merksam på når ein kjem ovanfrå.
For å koma greit ned mot Krokavatnet og Straumane, måtte me først gå nordaustover Venafjellet for å finna ein trygg nedgang nordover. Ved Krokavatnet kom me i prat med eit par hyttefolk før me fann vegen over bekken mellom Krokavatnet og Hildravatnet, der me måtte jobba godt for å kryssa alle løpa tørrskodde. Me kryssa her fordi me ville oppom knausen aust for Hildravatnet, der eg var oppom sist for 29 år sidan. Dette er eit framifrå utsiktspunkt over vatna og det flate heieområdet rundt, og me var der kl. 1640.
Vidare gjekk me beint nordover og kryssa utløpet av Svarefjellstjødna før me fann stien og traktorvegen ned til den ventande bilen øvst i Målandsdalen. Som vanleg vart det ein lang og bratt nedtur, men betre ned enn opp i alle fall. Me kunne gratulera kvarandre med endå ein framifrå langtur kl. 1800, etter om lag 8 ½ timar ute. Då runda me nok 20 km og 900 hm stigning og 1250 hm "nedtur" til saman.
Faunainnslaga stod 2-3 liryper og 5-6 orrhanar mellom Sunnmork og Buene for, dessutan var det ei ubestemt ørn over Jørpelandsheia. Utanom nokre rypejegerar ved Sunnmork og hyttefolka ved Krokavatnet, var det ikkje folk å sjå i dette lite brukte fjellområdet.
User comments