Ørnafjellet og en del til (09.07.2020)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Brunesfjellet (421m) | 09.07.2020 |
---|---|---|
Store Dauremålsknuten (547m) | 09.07.2020 | |
Litla Kveinsteinfjellet (531m) | 09.07.2020 | |
Stora Kveinsteinfjellet (559m) | 09.07.2020 | |
Marsteinfjellet (557m) | 09.07.2020 | |
Rottofjellet (602m) | 09.07.2020 | |
Spjøtavollstolen (550m) | 09.07.2020 | |
Stolfjellet (532m) | 09.07.2020 | |
Åsmundstadfjellet (557m) | 09.07.2020 | |
Ørnafjellet (395m) | 09.07.2020 | |
Visits of other PBEs | Motstandshytta ved Vikesdal (184m) | 09.07.2020 |
Ca 500 m før garden på Berland går det ein veg opp til Nordratjørni som er skilta Kobberstølen. Det er eit kulturminne her frå krigens dager, men la ikkje merke til noko oppslag/ info om dette. Fulgte vegen vidare gjennom tett granskog nord for Nordratjørni og så på merka men stedvis utydelig sti opp den bratte nordvestsida til Ørnafjellet. Brukte ca ein time til toppen.
Gjekk ned stilaust på austsida, og kom då inn på merka sti frå Spødavoll nord for Vålandstjørni. Fulgte denne stien eit stykke sørover mot Dyrskog, og så nordover frå stidele skilta "topptur" mot Stolfjellet der det er vardebok. Det er sti til Stolfjellet også i nordsida via Spødavollstolen frå Spødavoll som ikkje er inntegna på kartet. Spødavollstolen er ein utstikkande steinknaus i fjellsida over Spødavoll. Det får vere eit turmål å ha til gode til ein seinare anledning.
Frå Stolfjelelt gjekk eg stilaust vidare over ein topp som fleire kart kaller Spjøtavollstolen. Er usikker på om dette namnet er feilplassert og forveksla med den omtalte Spødavollstolen. Så til Store Dauremålsknuten (som ikkje er same fjell som Daurmålsknuten).
Vidare søraustover til Rottoknuten der eg i et par korte etapper fulgte ein nymerka sti som nok går frå Holmavatnet til Dyrskog ved Ørsdalsvatnet. Vestover stilaust over Stora og Litla Kveinsteinfjellet til Marsteinfjellet der det er vardebok. Her er det merka sti opp nordfrå som avstikker frå ruta til Dyrskog.
Så gjekk eg stilaust vestover til Brunesfjelllet og ned sørryggen for å koma inn på stien mot Brunes. Fulgte då denne stien til Mjåvatnet. Virker som den stien er lite brukt nå for både stien og merkinga var utydelig nokre plasser. Glad for at det ennå var gode lysforhold til å finne fram.
Nede ved Mjåvatnet er det to parallelle grusveger langs austsida av vatnet. Fulgte først den øverste vegen og så til eit krigsminne i Berlandskogen mellom dei to vegane. Det er skilta til dette krigsminnet frå begge vegane. Derfrå er det ein drøy km tilbake til Berland.
Gjekk ein kortere tur på Daurmålsknuten og Skoredalsknuten frå same utgangspunkt dagen før.
User comments