Langmyråsen og omegn (09.05.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal)

Start point Kurland (188m)
Characteristic Jogging
Duration 2h 25min
Distance 17.0km
Vertical meters 616m
GPS
Ascents Hektnerhøgåsen (378m) 09.05.2020 12:55
Trestilåsen (309m) 09.05.2020 13:12
Høgåsen (318m) 09.05.2020 13:24
Langmyråsen (344m) 09.05.2020 13:35

Løpetur langs stigane i Østmarkas nordaustlege region, med Langmyråsen som mål for å korte ytterligare ned på lista over østmarkas 40 høgste. Ruta blei lagt inn til Ramstadsjøen og opp om Hektnerhøgåsen for å få litt høgdemeter i beina, i tillegg til avstikkarar til Trestilåsen og Høgåsen. Førstnevnte var eit fint utsiktspunkt, sistnevnte var heller meiningslaus, men kva gjer ein ikkje for ei nål ekstra. Ingen sti opp til Langmyråsen, heller ikkje noko markering på toppunktet, men greit nok. Ned på vestsida kjem ein inn på fin sti ned mot Marikollen. Retur same veg som opp, om Åmotdammen og ned til Kurland.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.