Støylsnuten og nabotopper (17.07.2019)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Hisdalsvegen bru over Otra (495m)
Endpoint Hisdalsvegen bru over Otra (495m)
Characteristic Hike
Duration 9h 45min
Map
Ascents Gausen (1,017m) 17.07.2019
Nausen (1,112m) 17.07.2019
Skarshaugen (718m) 17.07.2019
Skurvenuten (1,143m) 17.07.2019
Støylsnuten (1,041m) 17.07.2019

Gjekk på bomvegen opp Hislii til vegens høgaste punkt, og oppom Skarshaugen. Så opp nordover i terrenget opp til Nausen. Var først på den nordre toppen som også har trigpunkt. Så vidare vestover til Støylsnuten og opp via sørsida til Skurvenuten. Såg ein elg og kalv som gjekk opp der foran meg, men såg dei ikkje igjen då eg kom opp på ryggen. Retur nordaustover via Gausen og Noheii og ned gjennom skogen til Støyldalen. Kom inn på ein sti litt vest for Hisdal som eg fulgte austover og så på god grusveg frå Hisdal og ned til Otra.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.