Storivilen frå Lom (16.07.2019)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Duration 6h 34min
Distance 26.4km
Vertical meters 1,829m
GPS
Ascents Eggjapiken (1,531m) 16.07.2019 13:47
Knøttivilen (1,676m) 16.07.2019 14:36
Veslivilen (1,835m) 16.07.2019 15:00
Storivilen (2,068m) 16.07.2019 15:41
Lomseggje (1,591m) 16.07.2019 17:10
Lomseggje Ø (1,318m) 16.07.2019 17:45

Fekk ein noko impulsiv idè om å byte ut ein roleg feriedag med rusling i Lom sentrum, til å bestige Storivilen. Og kvifor ikkje gjere det på den mest tungvindte måten ? Byrje frå varden i Lom sentrum utanfor Norsk fjellsenter. Som sagt så gjort. Oppdaga at stien var av det bratte slaget. Ikkje uventa. Men den gikk ikkje i fine sirklar slik vi er vande med på gode stølsvegar i heimbygda. Nei, rett opp, er det som gjeld her. Og det lyt nok terrenget ta mest av skulda for. For det er bratt, og etter kvart ved ca. 800 meters høgde, går stien inntil bergryggen. Varmt var det. Flugene surra rundt i tett lag, men måtte sjå seg slått av mitt mygg- og flåttmiddel, som heldt dei på 1 cm avstand frå det meste av kroppen.

Det var veldig greitt då terrenget flata ut litt under punktet "Lomseggi for massane", 1289 punktet med postkasse. Her og opp og innover var det fint terreng, med sti opp til Eggjapiken (1531), og lettkuppert terreng innover Lomseggi. Også her på lag så sti/trakk. Frå Knøttivilen vart det meir stein og vanleg høgfjellsur av ulik konsistens. Ura til Storivilen var av det greie slaget på alle måtar. Der ura til Trolltinden i Rondane dagar før, fekk karakter vill, stor og gal, men jøss kor fasinerande, må denne reknast som snill og god :) Det bar i ur opp til Veslivilen, og vidare til Storivilen. Her ved toppunktet på varden var 360 utsikta formidabel. Snakk om å vere midt i smørfatet. Såg heilt til Lodalskåpa. Det var og fasinerande å gå tilbake med den fine utsikta ut over eggen, panoramaet ned til Lomsbygda, Otta og Vågåvatnet, og Rondane. Steikje fin aleine-tur i brukbart tempo, 6 1/2 time brutto.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.