Napen på ski (19.04.2019)
Written by Tkleppa (Torborg Kleppa)
Ascents | Napen (1,350m) | 19.04.2019 |
---|
Turen starta ved Gullinen skisenter og gjekk innover vegen i Breiastølsdalen, vidare forbi Sandsavatnet og vidare innover på vegen til ein har Moavatnet på høgre handa. Her tok me av vegen og tok fatt på ei bratt kneik opp til Buarekvelven. Det er ei sankehegne for sauer der ein svingar av vegen, og sommarstien er nølt (varda) slik at med lite snø slik som nå så ser ein nødlingane. Når ein er komen opp til Buarkvelven er det berre å gå inn til botnen og rett opp skaret opp til Midtnutevatnet. I skaret her er det bratt og det kan vera litt skummelt ift. rasfare dersom der er mykje snø. Nå var vinteren på hell og det var nesten like raskt å ta skia av og å følgje stien på dei snaue rabbane midt i skaret. Oppe ved Midtnutevatnet møter ein turistforeningen si løype mellom Sandsa og Stranddalen. Den er ikkje kvista, så den er berre synleg når det er lite snø. Løypa går austover under Midtnuten og opp til Napaskaret. Her tek ein av frå turistløypa og singar opp på sjølve ryggen. Og her er det bratt! Det flatar ut litt igjen siste biten mot toppen, og vel framme ved varden møter ei fantastisk utsikt over Ryfylke! Vel verdt turen! Heimover same vegen som me kom. Heile turen er 36 km tur/retur. Me var 11 stk på tur, og inkludert matpausar, av-og-på-kledning, solkrem og sjokoladepausar mm. brukte me 7 timar på turen.
Benutzerkommentare