Storivilen, Moldulhøe & Hesthøe (22.01.2012)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Hesthøe (2,021m) 22.01.2012
Lendfjellet (1,973m) 22.01.2012
Moldulhøe (2,044m) 22.01.2012
Sandgrovhøe (1,956m) 22.01.2012
Storivilen (2,068m) 22.01.2012

Klokka var litt over sju om morgonen og vi hadde lasta over ski, utstyr og personell til min bil for videre transport innover mot Lundadalen. Etter eit parhundremeter hjalp det imidlertid ikkje lengre med firehjulstrekk. Bilen vart parkert på stor oppbrøyta plass og skia spent på.

Fulgte skiløype nokre hundre meter til vi kom til ein skogsveg som kryssa oppover langs Lenda. Vant raskt høgdemeter til skogsvegen brått enda litt oppi lia.
Videre oppover var det vassing i pudder.
Signar (Signar Andre Nilsen) & Martine hadde berre stuttfeller og valgte difor ski på sekk forbi det brattaste partiet. Etter om lag 600 høgdemeter var vi endeleg oppe over skoggrensa og kunne ta ein kikk på to av dagens turmål, Storivilen og Moldulhøe.

Nordsida av Storivilen såg svært steinate ut så vi gjekk opp på vestsida av Lendholet. Turen oppover var ikkje av dei behagelegaste. Kulde, sterk vind og snøfokk beit på både fingrer og tryne. I tillegg holdt M&S sitt sedvanlege galematiastempo og matpauser var lite prioritert. Er ikkje enkelt å være matvrak på tur med to stykker som aldri spiser…

Kom etterkvart opp på ryggen ved Lendfjellet 1952-punktet og fortsatte videre austover til Storivilen. Skydekket hadde vært litt fram og tilbake men mot topp punktet letta det opp og ga oss eit fantastisk ljosspell med passerande skydekke bada i morgonsol.

Tok ei kjapp mat og fotopause ved varden før vi la kursen vestover mot Molduhøi. Terrenget var svært avblåst og spora våre kan truleg fortsatt følgast iform av oransje hår frå Åsnesfeller og gule Montanahår på alle spisse oppstikkande steiner.
Strekka til Lendfjellet gjekk raskt og neste mål Molduhøi gjekk også ned på høgkant. M&S held tempoet oppe.
Ned frå Molduhøi tok vi eit lite feilskjær mot nordvest og måtte difor over på ein meire sørleg kurs. M&S slapp seg ned sida mens eg forsøkte å halde høgda og rota meg bort i eit område med store lause skavler som eg gjekk meg fast i. Tungt å gå og fjæra var på tur ned. Men svingte likevel oppom 1931 punktet for litt tradisjonshedring.

Tok att M&S nede i Sandgrovskaret og fekk beskjed om at dei ville droppe Hesthøi på grunn av tidsnaud. Og da presterar eg, mitt mehe med eine foten i grava som følger av svolt og andre foten i grava av fysisk og psykisk utmattelse å svare at: Naaaaai, eg trur vi klarer det eg.
IQ er no dritt…
Brotavgjerelsen vart prompte omgjort og eit psykopatisk tempo innlagt opp mot Sandgrovhøi for å rekke Hesthøi og nedatt før mørke kom. Alt eg kunne var å forsøke å henge med og forbanne mine eigne bråkjekke ord. Sandgrovhøi vart passert i blodtåke…

Ei lita stund seinare, etter fyrst å gått på ein liten smell med luretoppen til Hesthøi kunne eg endeleg plante varemerke mitt på rette Hesthøi. Det var imidlertid ingen tid til å nyte ein rå solnedgang over Hestbreapiggan. Eit par obligatoriske bilete vart teke og kursen vendt nedover mot 1556 punktet nord for Hesthøi før vi svingte vestover nedenunder 1589 punktet. Videre nordover att ned mot Pallan før vi kryssa Skjøli rett før Gjørva.
Turen nedover kunne vært ein av dei råare nedkøyringane mine men dårleg tid, steinate forhold på toppen, uvissa om forholda nedover og faktumet at limet på fellane neppe kunne heftast på nytt om eg skulle få bruk for dei nede i dalen førte til at fellane vart på heile vegen ned. Telemarksvinger med fjellski og feller er meire enn eg behersker…

Mørke kom sigande rett etter at vi var nede så det vart hovudlykter på ut Lundadalen. Kryssa overatt til austsida av Skjølia rett etter sumarbrua og gjekk på GPS etter sumarruta. Ein snau kilometer forbi Heimaste Lundadalsætre kom vi inn på skiløype og resten av turen gjekk radig.
Framme att ved bilen rundt 18.30 tida etter omlag elleve timer på tur.
Alt i alt, knalltur!

Signar har lagt ut mesteparten av bileta på sin turregistrering, men for dei som ikkje har sett det:

User comments

  • -
    avatar

    Stutt

    Written by Signar 27.01.2012 12:13

    Visste at det kom til å bli mørkt før vi kom ned, og var noe skeptisk til nedkjøring i "mørtna". Som en slags turleder har jeg jo ansvar for å få alle trygt ned til bilen. Kudos til garm og martine for effektivitet ned til lundadalen og urokkelig/blåøyd tro på mine navigeringsevner. :)

  • -
    avatar

    Flott tur

    Written by Martine 27.01.2012 10:32

    Trodde for en gang skyld at jeg kunne klare å overbevise Signar om at vi burde snu før alle mål var nådd, men det gikk ikke nå heller, takket være Geir A. Men som Geir A og Signar sier: det går som regel bra.

    • -
      avatar

      Sv: Flott tur

      Written by Garm 27.01.2012 22:38

      Sorry, hadde eit labert forsøk på å stogge dykk med ein væradvarsel på Sandgrovhøi men da var du like ihuga som Signar. :)

      Morten: Jepp, mehe http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=mehe&nynorsk=+&ordbok=bokmaal :)

      Forøvrig korrekt observert på fargekopien. Er vel ingen løyndom at "bibelen" vert ivrig nytta og i morgon er det på'n igjen... :)

  • -
    avatar

    Frisk og fin tur (og rapport)

    Written by mortenh 26.01.2012 19:59

    Mehe? :) Tja, men etterpå angrer du neppe. Litt deilig å dytte i seg kalorier, la se skjemme bort av en varm dusj og omsider krype under dyna etter en sånn langtur. Og så har du jo vært der da. Det ekstra krysset i lista. Litt artig at det var du som drev S. videre :)

    Drar også kjensel på en fargekopi av en kjent side i hendene på de to blå nedrimede...

  • -
    avatar

    Artig turrapport!

    Written by knutsverre 26.01.2012 10:17

    Morsom turbeskrivelse fra en lang og strabasiøs januartur under krevende forhold. Etter å ha lest hvordan du opplevde å gå på tur med M+S (eller kanskje heller S+M!) vet jeg ikke om jeg tør å henge meg på turer med slike sprekinger .....

    • -
      avatar

      Sv: Artig turrapport!

      Written by Garm 26.01.2012 19:18

      Har bevisst unngått S&M formuleringa sjølv om tanken har vært tenkt. :)

      Trur ikkje du skal bekymre deg for turen, Gråhøe vert bra!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.