Surnadalsk dobbel del1: Honnstadknyken (05.07.2018)
Written by kobbenes (Kristian Starheim)
Ascents | Honnstadknyken (1,071m) | 05.07.2018 10:00 |
---|---|---|
Svarrafjellet (780m) | 05.07.2018 10:00 | |
Visits of other PBEs | Øvre Skeisnebba p-plass (400m) | 05.07.2018 10:00 |
Finværsdag og akademisk fridom = fjelltur! Kva kremtoppar er innan rekkevidde mellom levering og henting i barnehagen? Honnstadknyken kunne passe. Trollheimen sin stolte hjørnestein i nordvest. Fin topp, ikkje så omfattande, pirrande PF og 2 timar køyring. Einaste trekket er at det berre ville gi ei raud nål på denne dagen. Dette er jo så viktig som ein gjer det sjølv, men etter å ha sett resultatet av finværsperioden i det siste på peaker´n var eg svolten.
Leverte i barnisen, og la i veg gjennom Trøndelags vått-kledde landskap og over til Surnadalen. I gang klokka 10. Fin sti og fint utsyn over kjende og flotte trollheim-fjell! Men det var varmt, gitt! På toppen etter 1t10min. Kjendest bra. Såg litt på klokka, og over på Strengen. Hm. Kanskje?
La i veg ned bakkane, fin løpesti! Tilbake til bilen kvart på 12. Tok lunchen i bilen medan eg køyrde mot Kvanne og starten på stien til Strengen. Oh yeah!
Start date | 05.07.2018 09:51 (UTC+01:00 DST) |
End date | 05.07.2018 11:44 (UTC+01:00 DST) |
Total Time | 1h 52min |
Moving Time | 1h 45min |
Stopped Time | 0h 7min |
Overall Average | 6.0km/h |
Moving Average | 6.4km/h |
Distance | 11.3km |
Vertical meters | 828m |
User comments