Tindefjellet/Jølster - Raskt omgjort til skredterreng (19.03.2018)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Berg (310m) |
---|---|
Endpoint | Berg (310m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Distance | 4.8km |
Vertical meters | 480m |
Map |
Ascents | Gygraklovet (748m) | 19.03.2018 |
---|---|---|
Tindefjellet (1,083m) | 19.03.2018 |
Skiftande ver denne dagen! Ca 15 cm nysnø i løpet av natt/morgentimar. I løpet av dagen nokre timar med regn/slaps til ca 500 moh. Deretter kaldare ver med vind ifrå nord-nordvest, styrke frisk bris mot aukande liten kuling. Det er ganske så fascinerande å sjå kor effektivt vinden jobber! Med eit ganske så påfølgande interessant føre...Puddersnøen eller "mjellsnøen" som mine eldre på Dagsenteret i Jølster snakker om. Var raskt blitt til historie og gode minner! http://www.yr.no/artikkel/noregsver-gir-ikkje-puddersno-1.12228556
Ingvald K. som skulle luffe etter oss, møtte oss i retur ifrå Gygra. Han var litt usikker på kva slags "kråkekøyrerar" som var å sjå til på nedtur :)
Eindel flakskred var gått, mindre og større sprekkdannelsar var å sjå oppover på og ved ryggen mot Gygraklovet og Tindefjellet. To personer hadde trakka spor vidare oppover, spor som ikkje var aktuelle å følge vidare opp for vår del! Vi valgte denne gangen å snu. Sidan vi då etterkvart hadde all verden av tid igjen av kvelden. Vart det kjempetriveleg med Brit Siv og Ingvald, vidare til middag. Praten og diverse temaer gav seg sjølv... :)
User comments
Missing title
Written by ligroenb 20.03.2018 21:42Kjenner igjen den Kyllingretten tror jeg ;-)
Sv:
Written by Eikås 20.03.2018 22:21Ja...den hadde jo selfølgelig vore perfekt! :) Men den lyt nok være til gode i eit seinare høve! Ein anna ting er at den kyllingretten burde du teke patent på ;) :)
stekte mandelpoter
Written by otto 20.03.2018 20:52Skal si du kan kokkekunsten Janne.. Bortsett fra vann i glasset som burde hvert erstattet med rødvin..
Sv: stekte mandelpoter
Written by Eikås 20.03.2018 21:43Ha-ha gode Otto :) Det var nok mandelpotetene med god hjelp ifrå Miriam som berga den middagen! :) Men ja... det hadde gjort seg så absolutt med rødvin i glasset og mandelpotetene skulle ha vore ifrå Oppdal :)