Bjørnstigfjellet og Hawaii stemning på Vines-Holmane (28.05.2017)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Fimreite (63m)
Endpoint Fimreite (77m)
Characteristic Jogging
Duration 1h 58min
Distance 15.2km
Vertical meters 739m
GPS
Ascents Bjørnstigfjellet (770m) 28.05.2017

Etter ein fin dag på ski, siste krampetrekning!! Så hadde eg tenkt litt på Bjørnstigfjellet som ein passeleg iforbifarta topp! Det var eit nydeleg ver og eg visste om den idylliske halvøya mot Fimreite. Eg har det meste tilgjengelig i bilen, så det tok ikkje så lang tid å bestemme seg for å ta ei teltnatt ved fjorden. Varmt og fint i kvelds sola :) Det er sjelden å sjå det så utrulig frodig, med dei mange blomsterarter på eit så lite område. Det var ei stor glede å kunne nyte den varme kveldsola ved fjorden, kjenne sjølufta, trakke rundt i fred, studere floraen og kike på fuglane. Lese bok, nyte kvitvin og diskutere med seg sjølv!! Opp kl 08 søndagsmorgon etter diverese morgenfugl plinger på mobil. Det vart ein ganske så flott morgenjogg på Bjørnstigfjellet, med eit påfølgande heftig, men heldigvis kortvarig torever på nedtur. Denne toppen er nok fin som ein sykkeltopp også :)

Hærleg sommerfølelse
Hærleg sommerfølelse
Stille sommarstemning ved fjorden
Stille sommarstemning ved fjorden

Fantastisk mange flotte hengebjørker på denne halvøya og tidsfordriv ingen problem i eget selskap!

User comments

  • -
    avatar

    Stemningsfullt

    Written by 19topper 02.06.2017 15:55

    og flott!!!

    • -
      avatar

      Sv: Stemningsfullt

      Written by Eikås 02.06.2017 22:57

      Jau, takk for det :) Det er noko med å skape sine eigne gode øyeblikk og gjere kvar dag til ein 'fest'. Det tenker eg må være eit fint utgangspunkt :) Du må ha ei superfin langhelg :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.