Trysil - dag 1 - Eltdalsskardet (25.02.2017)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Duration 3h 55min
Distance 21.5km
Vertical meters 643m
GPS
Ascents Eltdalsskardet (1,148m) 25.02.2017 14:13
Visits of other PBEs Nyvangsætra (845m) 25.02.2017 13:10

Første dag i Trysil vakna me opp til strålande sol Etter ein veldig god frukost gjekk me i veg på ein skitur. Først gjekk me i lag alle fire opp til Nyvangssetra, ein koseleg rasteplass like nedunder tregrensa. Ein liten stund etter Nyvangssetra skilte me lag. Benedicte og Siri fortsette i skiløypa, medan eg og Kristine tok av frå sporet og gjekk mot Eltdalsskardet. På veg mot toppen økte vinden kraftig og det skyast over. Da vi kom på toppen var utsikta nesten borte og det var bitande kaldt. Me hadde eigentleg tenkt til å prøve å gå på Kampflåhøgda, men slo det frå oss. Me møtte igjen Benedicte og Siri like ved Promillegropa, og gjekk tilbake til hytta. Mot slutten av turen begynte det også å snø ein god del. Sjølv om veret ikkje vert det beste, vart det likevel ein fin tur.

Kristine på Eltdalsskardet
Kristine på Eltdalsskardet
Nyvangssetra
Nyvangssetra

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.