Trondheim pf>100: Solemsvåttan (10.07.2016)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Walk
Duration 1h 00min
Map
Ascents Solemsvåttan (423m) 10.07.2016
Visits of other PBEs Tjønnstuggu Parkeringsplass (210m) 10.07.2016

Kom heim frå klatresenteret og sola skein som berre det. Ein kan ikkje sitte inne på ein slik dag. Eskil foreslo at eg burde jobbe litt på Trondheim pf>100-lista mi. Kona valde å vere heime då ho framleis er litt rammeskeiv etter fødselen.

Eg og Eskil sette snuten mot Solemsvåttån. Fin sti frå Tjønnstuggu - varmt oppetter bakkane. Eskil vekte ålmen munterheit hjå turfolket med godt humør. Etter litt var vi på toppen, der vi kunne nyte god utsikt over trondheimsregionen mellom tretoppane.

Så gikk vi ned igjen.

Eskil nyt utsikta over trondheimsregionen.
Eskil nyt utsikta over trondheimsregionen.
Ein kan ikkje berre drive å ta selfiar heller. God stemning på topplatået.
Ein kan ikkje berre drive å ta selfiar heller. God stemning på topplatået.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.