Aiguille du Midi (07.07.2006)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Aiguille du Midi (3,842m) 07.07.2006
Cosmiques (3,613m) 07.07.2006

Dette var sommerens stortur så eg meldte meg på i begynnelsen av mai. Det var ein privat tur med tittelen "Sommersamling i Chamonix" i regi av Stavanger Turistforening's Fjellsportgruppe. Me bestilte flyreise sjøl, mens reiseleder Jane bestilte overnatting. Me var 7 stk så planla bestigning av majesteten Mont Blanc første veka i juli. Utenom meg var det Anders, Terje, Vegard & Marianne, Gro & Marco og Jane.
Jane var allerede på feire i Chamonix, og me andre tok KLM-fly frå Sola om formiddagen laurdag 1. juli via Amsterdam til Geneve. Der leide me ein Mercedes og Marco kjørte oss til Chamonix der me kom fram om kvelden. Der møtte me Jane og me innkvarterte på ein plass med relativt billig og enkel standard. Anders, Terje og meg hadde et rom i lag.
Dei neste dagane tok me gondolbane opp i høyden fleire plasser og gjekk korte turer for å akklimatisere oss. Jane hadde bestilt plass for oss på Cosmiques natt til 6. juli, og me planla toppstøt til Mont Blanc påfølgende dag. Sånn blei det ikkje, for det var sterk vind i høyden og dermed var gondolbanen innstilt. Jane prøvde å ombestille, men da var det fullbooket.
Då blei det til at eg la min egen plan og tok gondolbanen frå Chamonix opp til Aiguille du Midi fredag etter middag. Gjekk deretter til hytta Cosmiques der eg overnatta. Hadde med meg tynn sovepose og var innstilt på å bare sette meg i ein stol eller ligge på golvet eller evt utenfor hytta. Det viste seg at det var 7-8 ledige plasser på hytta likevel, så då fekk eg plass i ei køyeseng i fleirsengsrom. Dermed blei det tur til Mont Maudit og Mont Blanc dagen etter.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.