Stryn: Bødalsfjellet (10.10.2015)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Kjenndalen (60m)
Endpoint Kjenndalen (60m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 48min
Distance 9.4km
Vertical meters 1,545m
Map
Ascents Bødalsfjellet (1,495m) 10.10.2015
Gustav med ein seksgreinar som har møtt veggen sist vinter.
Gustav med ein seksgreinar som har møtt veggen sist vinter.

Bødalsfjellet 1495, ingen enkle ruter til toppen. Det er heller ingen info å finne nokon plass. Denne toppen er nok meget lite besøkt. Dette er som musikk i våre øyrer. Turfølgje i dag vart Orheimgutane. Gustav som eg studerte friluftsliv saman med i Volda, og Torleiv bedre kjendt som Kroksleiven. Rutevalget vart frå Kjenndalen. Andre alternativ kan være Bødalen, opp Kvanngytta. Ein må då krysse elva, noko som kan være vanskeleg. Det såg og bratt og styggt ut når ein nærma seg skaret. Frå Bødalsseter kan ein muligens gå sørover opp ryggen og så ned i skaret og nå toppen frå aust. Vi gjekk fram og såg ned i dette skaret, det såg ikkje lystig ut. Nei faktum er at vi var ganske fornøgde med denne ruta sjølv om den var krevande.

Planen var å følgje elva/elvagjelet oppover og nå toppen frå sør. Parkerte ved dei gamle gardfjøsane i Kjenndalen og kasta eit blikk oppover lia. Det såg interessant ut ja. Kryssa ein liten bekk og braut oss på opp gjennom bukkemarka. Dette er eit utprega hjorteterreng så litt trakk var det å finne. Etter eit par hundre høgdemeter kom vi opp til ein høg hammar som gjekk på skrå nordover mot elvagjelet. Vi gjekk under denne oppover til vi såg ned i elva. Bratt og vegetert alle plassar. Umuleg å komme seg opp. Her fann Gustav den enorme seksgreinaren. Det var berre å gå nedover igjen og leite etter muligheter. Til slutt gjekk vi bort ei hylle og klora oss fast til nokre grastuer. Kom oss opp men fint var der ikkje. Vidare bratt opp til over 500 moh der vi lett kunne gå inn i elvagjelet. Mulighetene no var: 1. å gå ryggen på sørsida av elvagjelet. 2. gå over elvagjelet og opp ei hylle. Vi prøvde den siste. Her fann vi eit veldig tydeleg hjortetrakk. Opp hylla og runda rundt ut av gjelet. Holdt fram under ein hammar eit langt stykke nordvestover før vi gjekk rett oppover igjen. Veldig bratt, men tydeleg at hjorten ferdast mykje her. Vi fulgte hjortetrakk rett oppover til skoggrensa på ca 900 moh. Gjekk rett på opp eit bratt parti med mykje sva. Ok, men vi ville ikkje gå nedigjen her. Frå 1100 moh var det lett vidare austover til toppen. Nokre steinar på toppunktet, men ikkje spor etter folk ellers. Frå toppen rusla vi litt austover og såg på dei andre alternativa, som heller ikkje ser enkle ut.

Returen gjekk same veien med 2 unntak. Frå 1200 moh gjekk vi rett sørover forbi nokre små tjønn som ikkje viser på kartet og så vestover til vi kom inn på ruta vår på ca 900 moh. Slik slapp vi gå ned dei bratte svedjene. Punkt 2 var klyvinga ved den høge hammaren. Eg kom meg forbi men det var ikkje noko god kjensle, så vi leita etter ein anna vei ned til dei 2 andre. Gjekk austover under hammaren, Gustav og Torleiv oppå. Det var ingen muligheter å sjå. Tilbake til den einaste muligheten. Der såg eg nokre grashyller, klyvra opp og sjekka. Det gjekk greitt. Gustav og Torleiv kom seg ned med litt lirking og luring. Problemet for Gustav er venstre skuldra som han skada etter eit skifall på Rindalshyrna 17. mai for nokre år sidan. Med skuldra ut av ledd vart det langt til legen i Stryn. Pr i dag får han ikkje handa over skulderhøgde og dette hemmar han i slike klyveprosjekt. Letta over å være ferdig med denne hammaren var det berre å måke på ned bukkemarka. Enorm bruk for sporet på GPS-klokka i dag. Spennande tur til ein av dei minst besøkte toppane i Stryn og Nordfjord.

Status: Stryn 86/89, Nordfjord 306/309

User comments

  • -
    avatar

    Knalltur!

    Written by kobbenes 11.10.2015 01:53

    Der sat den ja. Har høyrt rykte om at dette har vore på blokka ei stund. Er det er mogleg å ta vegen om breen, og kome inn på søraustegga?

    De har ikkje vurdert å ta med eit kort tau i sekken på somme av desse brattare prosjekta? Om ikkje anna enn til rapellar? Fall i eksponert klyveterreng tar sin del av erfarne fjellfolk, ofte grunna småfeil.

    • -
      avatar

      Sv: Knalltur!

      Written by boven 11.10.2015 19:00

      Taustump har vore omtala mange gonger. Skal opp til ny vurdering! Skal eg opp dit med Lise seinare skal det med i sekken!

      Det er muleg å komme inn på søraustegga ja, då ville eg gått frå Bødalsseter. Treng ikkje brepassering for dette.

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by boven 10.10.2015 22:33

    Nei det stemmer. Den ruta startar ved brua lenger inne i dalen, har ikkje gått den. Er omtalt i "Breføreren" s 37-38. Denne ruta nyttar ikkje om ein vil til denne toppen, så her må ein gå si eiga rås.

  • -
    avatar

    Det så spenstig ut!

    Written by arntfla 10.10.2015 22:20

    Anne nevner noe som heter Tjuvskorane, og skal visstnok være en grei rute opp fra Kjenndalen (hun har gått ned der). Utfra beskrivelsen din høres det kanskje ikke ut som dere har gått der?

    • -
      avatar

      Sv: Det så spenstig ut!

      Written by arntfla 10.10.2015 22:23

      ok, EDIT: Tjuvskora er vel ruta fra Kjenndalen til Bødalsseter via Krunebreen. Det ville blitt en lang vei til Bødalsfjellet, ja..

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.