Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (50)
- Cross-country skiing (15)
- Randonnée/Telemark (27)
- Trip by foot (152)
Favourite trips
Favourite peaks
Honnstadknyken frå Vindøldalen
- Date:
- 01.05.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 16.0km
Flaggdag og lovander om brukbart ver i kombinasjon med gode minner frå nedkøyringa frå Knyken mot Rabban var nok til å få overbevist heile fem mann om å måte på seg skiskoa nede ved vegen som slynger seg opp mot Vindøldalen. Flagg i sekken og godt pågangsmot tok oss inn langs skuterspora så langt dei rakk. Litt att i fram i meir ulendt terreng før vi var oppe i åpent lende mot Knykens topp. God og fin rast på toppen før det bar nedover med hælen fastspendt. Overraskande fint føre i favoritthenget, og ein flott utnytta 1. mai.
Sula
- Date:
- 28.04.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 8.4km
Ei flott anledning til å få sin første tur til Sula på ski denne onsdag ettermiddagen. Mange hadde relativt nyleg teke denne turen før oss, så det mangla ikkje på spor som kunne gjere oppstigninga noko lettare. Vi omgjekk det brattaste partiet på tur opp og gjekk heller "rundt". Flott vær og vakker utsikt frå toppen som alltid. Etter å ha sala opp kunne det nytes fantastisk puddersnø dei første 100 høgdemetrane frå toppen, før det gjekk over i heller middels gjennomslagsføre. Like fullt ein fin opplevelse på Sula, like godt egna somar som vinter.
Strengen
- Date:
- 25.04.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 3:08h
- Distance:
- 10.1km
Tur til Strengen i skiftande værforhold. Nevnte værforhold tvinga fram ein ekstra runde frå Klåberget og opp, da første nedkjøring var med særdeles dårlig sikt. Bedre treff på runde to, og tilsvarende god stemning.
Trolltind og Ryssdalsnebba
- Date:
- 18.04.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 18.2km
Nok ein flott dag i utprega godt skiterreng. Opp til Trolltinden og Ryssdalsnebba, begge for første gong for forfattaren. Dette var i tillegg første runde til Jordalsgrenda og område rundt Øksendalen, ei erfaring som absolutt freista til gjentaking. Mykje folk og tilsvarande oppkjørt snø, men noko urørt var det å finne.
Rambjøra
- Date:
- 17.04.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 16.3km
Ein praktdag i eit favorittområde ovanfor Todalsøra. Opp til Rambjøra frå Halset på fint føre og i varmande vårsol. Plana var opprinneleg å besøke Vassnebba i tillegg, men for dagen såg det ut til å være meir innbydande skiforhold nedanfor Rambjøras topp. Det blei dermed både ein og to ekstrarundar ned sida mot Vassnebbvatnet, før ein til slutt pakka sekken og satte dei siste svingane på tur ned.
Honnstadknyken
- Date:
- 11.04.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 19.4km
Ei helg med lumske skredvarslingar blei nytta til å få første tur til Honnstadknyken vinterstid. Oppstigning langs den vante somarruta med enkelte unntak for å omgå dei brattaste partia. Klabbete føre og vakkert vær! God pause på toppen før vi utnytta finversdagen ved å køyre ned i retning Vindøldalen, og sette nokre svingar i den meget habile nedkøyringa mot Rabban. Fantastisk føre og umåteleg morosamt! Opp att til toppen og dagens andre rast ved varden til utsikta av ein snøkledd og soldekt fjellheim. Nedkøyringa til utgangspunktet kunne ikkje måle seg med henget ned mot Vindøldalen, men også her med enkelte parti som innbyr til artigheit på ski.
Neådalssnota frå Storlidalen
- Date:
- 27.03.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 27.0km
Forfattarens debut i Storlidalen skulle by på intet mindre enn bestigning av sjølvaste Neådalssnota på ski - ein ikkje ubetydelig tur uavhengig av kor ein startar frå, ei heller frå Oppdal. Med guiding frå ranheimslosen og lokale krefter var det derimot liten bekymring for at turen skulle bli noko anna enn storveies.
Rett i arbeid opp frå Storli parkering og innover Storbekkdalen. Opp til skaret mellom Storbekkhøa og Halsbekkhøa fekk vi beskue dagens store mål for første gong. Konklusjonen blei at det framleis var nokre stavtak att før ein var framme. På med utforoppsett og ned til den vestre enden av Sprikltjønnin. Hardt føre og flatt lys gjorde nedkøyringa heller beskjeden, og vi frykta for at sola som var lova oss skulle utebli også resten av dagen.
Toppen byrja etter kvart >>>
Strengen
- Date:
- 13.03.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 8.4km
Ein vakker laurdag som utarta seg akkurat slik vi hadde venta; heller begredelige kjøreforhold, men vakkert vêr og og perfekt føre for å sitte å bråne i ein solvegg. Opp i t-skjorte og solkrem, før vi frå toppen manøvrerte oss ned på harde snøbølger til ein rabb nokre meter under toppen. Her blei det spada ut ein sofa kor vi fekk slått i hjel eit par timer i god påskestemning. Nedkøyring på marginalt bedre forhold no når sola hadde fått litt ekstra tid på å behandle snøen.