Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (50)
- Cross-country skiing (15)
- Randonnée/Telemark (27)
- Trip by foot (152)
Favourite trips
Favourite peaks
Runde i Østmarka
- Date:
- 10.04.2020
- Characteristic:
- Trip by foot
Stasjonert på Kurland har det verte gode moglegheiter for å få utforske Oslos østmark. Når peakbook i tillegg kan freiste med liste over østmarkas 40 høgste topper blir ikkje dørstokkmila lang. Med Bjønnåsen og Ramstadslottet allereie huka av blei det planglagt ein langtur for å få kryssa av ytterligare seks topper. Med start frå Kurland fulgte eg grusvegen opp til Åmotdammen og vidare etter skilting i retning Ramstadslottet. Først øst i retning Marikollen, før vegen dreier sør mot Ramstadsjøen. Vel nede ved nordenden av vatnet blei det først ein avstikkar austover etter skilting til Hektnerhøgåsen. Opp til dagens første toppunkt og retur same veg ned att til Ramstadsjøen, og denne gongen vidare sørover langs sti inn til Setertjern og Seterstua. Her blei det rast i ei >>>
Bjønnåsen
- Date:
- 31.03.2020
- Characteristic:
- Trip by foot
Opp til Bjønnåsen på jakt etter godt utsyn til kveldens solnedgang. God fangst.
Runde rundt Bøverdalen nord
- Date:
- 04.10.2019
- Characteristic:
- Trip by foot
Ein haustfeire med gode turforhold blei krona med ein flott runde nord for Bøverdalen. Vêrgudane hadde verkeleg slått på stortromma denne dagen, og klarvêr berre hausten kan by på gjorde utsynet frå dagens mange utsiktspunkt aldeles makalaust. I sør og aust konkurrerte tindane i Sunndalen, Eikesdalen og Øksendalen om å ha den mektigaste framtoninga, og i enden av panoramaet steig Trollveggen opp med sin spisse tinder, omkransa av Romsdalsalper i vinterdrakt. Det gjekk med mykje tid til å berre sitte og sjå på denne turen.
Opp frå Seterbøen p-plass i Bøverdalen bar det i veg oppover lia. Vi passerte Arilds bru, men konkluderte seinare med at denne burde vi nok heller ha kryssa enn passert. Over Geitåa kom vi oss uansett, og det blei staka ut ein heller brattlendt kurs opp mot >>>
Tussan, Måsvassheia og Skreåfjellet
- Date:
- 03.10.2019
- Characteristic:
- Trip by foot
Nedbør hadde gjort sitt til at toppane i Trollheimen framleis låg dekte i snø, klare for å ta i mot kong vinter om ikkje så alt for lenge. Nede i meir lågtliggjande strøk hadde derimot nedbøren kome som regn, og bidratt til å rydde unna mykje av det lille som tidlegare hadde lagt seg med bud om kaldare tider. Difor var det no ypperlege moglegheiter for å få seg ein tur eller to utanfor Trollheimen, og krysse av nokre toppar på "surnadalslista".
Med det blei det oppstart frå Haugaskaret p-plass i retning Tussan. Turfølgjet for dagen hadde våre oppe på sondering dagen før, og kunne rapportere om delvis bløtt, men likevel fint føre. Slik gjekk turen opp til Tussan sin første topp effektivt og fint, og etappane over mot Midttussen og Stortussen bydde heller ikkje på >>>