Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (50)
- Cross-country skiing (15)
- Randonnée/Telemark (27)
- Trip by foot (152)
Favourite trips
Favourite peaks
Hoåsnebba
- Date:
- 29.05.2021
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 10.9km
Forrige helgs skitur til Kongskrona gjorde oss oppmerksame på at ruta opp til Hoåslia såg overraskande snøfri ut, så ved neste og beste anledning blei det beslutta å ta ein tur opp hit. Hoåslia var framleis bratt og strabasiøs, men belønninga er som alltid verdt strevet. Oppe ved Fossa går ruta østover langs kanten mot Sunndalen. Det har i nyare tid blitt merka ruta opp her. Denne brukte vi berre sporadisk på veg oppover, men kom oss likevel greit fram. Litt klyving siste biten over kanten mellom bratt terreng og snøfonner som framleis ikkje har gjeve tapt for vårsola. Kryssing av ytterligare nokre snøfonner på toppen før samtlige toppunkt og varder blei besøkt, inkludert ein litt lengre avstikkar bort til Nordre Hoåsnebba.
Returen blei lagt i ei slynge litt lengre ned mot >>>
Soggnebba
- Date:
- 21.05.2021
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 8.0km
Soggnebba er som alltid fin å besøke ein gong eller to i løpet av sesongen, og med stikkut-post satt ut og aktivert er motivasjonen ekstra høg for den som puslar med slikt i det små. Utsikta framme på nebba slutar aldri å imponere!
Badstufjell
- Date:
- 14.05.2021
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 5.5km
Etter kvart fast innslag ved besøk på sørlandet. Badstufjell tilbyr lett tilgjengeleg utsikt mot hav og skoger i området. Fin og tydeleg rute oppover, godt tilrettelagt av kven enn som har teke på seg arbeidet.
Østmarka på langs
- Date:
- 07.05.2021
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 30.0km
Når ein sit og studerar kart over område ein ferdast ein del i, dukkar det stadig opp idear - nokre meir realistiske enn andre. Når det no vart høve for eit sjeldant besøk til Østlandet måtte det harde prioriteringar til, og fullføring av lista Østmarkas høyeste topper måtte vike for eit anna mål, nemleg å få tilbakelagt heile Østmarkas lengde i eitt stort magadrag. Slik blei det buss til Ytre Enebakk og stistart, med målgang ved Blystadhytta nærmare 30 kilometer unna. Desse metrane blei forsert langs blåmerka turiststiar i variabelt terreng. Delvis langs lettløpt underlag med jevn, fast sti og grusvegar, delvis langs meir utfordrande løpeterreng som myr og ujamn sti med stein og røtter tett i tett. Fint er det uansett gjennom Østmarka, og med blå himmel og vakkert vårver blei det ein fornøyeleg >>>
Bjønnåsen
- Date:
- 25.02.2021
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 4.9km
Kveldsvisitt til Bjønnåsen før mørket kom. Bekkane byrjar å blir store no etter som plussgradene held fram. I motsetning til sist endte ein ikkje oppe over skodda denne gongen, dessverre.
Bjønnåsen
- Date:
- 23.02.2021
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 4.9km
Ny tur opp til Bjønnåsen. Varmegrader gjer sitt til at det stadig blir blautare, men framleis fint underlag å gå på. Skodda låg tjukt rundt oss denne dagen, men med sine knappe 400 høgdemeter kunne Bjønnåsen likevel by på vakkert utsyn.
Salen
- Date:
- 09.01.2021
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 4.5km
Opp til Salen frå Ranes. Mykje har skjedd nederst i lia her, og vesentlig skogsarbeid har rydda utsikt langs stien som tidlegare gjekk gjennom tett granskog. Stien verkar derimot framleis å være i god behald, og det godt nedtråkka snølaget gjorde vegen opp lettgått, med berre små enkelte parti med is. Oppgått parti vedvarar opp bak trimposten på gammelsetra, og heilt nedunder Salens høgste punkt kor ein kort avstikkar frå stien tek ein heilt til topps.
Soggnebba
- Date:
- 02.01.2021
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 8.1km
StikkUt-vegen opp til Soggnebba, og ei noko utradisjonell ruteføring heim att.
Honnstadknyken
- Date:
- 14.10.2020
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 10.3km
Dagens løpeøkt blei lagt til Honnstadknyken da det var meldt blå himmel og full sol denne ettermiddagen. Det skulle derimot vise seg at værmeldarane bomma grovt også i dag, som dei har for vane å gjere. Trim blei det uansett, og til tross for ein blaut sti som syng på sesongens siste vers fekk eg stabla meg opp til toppen og ned att. Om ikkje dette var den siste toppturen til fots i år, så er det i alle fall ikkje langt unna, for vinteren bankar hardt på døra til Trollas fjellheim no.