Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Storsalen og Somrungnebber

Date:
04.07.2018
Characteristic:
Trip by foot

Runde rundt om Somrungnebbene og Storsalen. Start frå Fale bru og oppover lia i morgontåke. Vel oppe flatt i retning mot Tverrådalen, og forbi dei to hyttene som ligg her. Eigaren av den eine møtte eg vel nede igjen ved Fale bru. Han kunne rapportere om dårleg fiskelykke i Driva denne dagen. Går inn til vatnet 1061, og går av stien østover opp mot ryggen av Litlsomrungnebba sørvest. På tur oppover byrja tåka å lette, og Sunndalen åpenbara seg i det ein vakker sommardag tek til. Lettgått ur opp mot toppen. Frå toppvarden går eg litt tilbake før eg rundar ned på vestsida og inn på ryggen mellom Litlsomrungnebba sørvest og hovedtoppen. Litt klyving for å kome seg ned, og noko sleip mose, men ikkje av sorten som byr på store vanskar. Fint opp mot Litlsomrungnebbas hovudtopp. >>>

Map    

Innerdalstårnet

Date:
01.07.2018
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Kristianvarden og Skarfjellet

Date:
27.06.2018
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Kringlehøa

Date:
06.06.2018
Characteristic:
Trip by foot

Dagens duo hadde opprinneleg planlagd å forsøke seg på Hesten frå Grasdalen, men nysnø frå natta i førevegen satt ein effektiv stoppar for turen som er utfordrande nok sjølv på tørre forhold. Alternativet blei Renndølskamman og Kringlehøa, ein tur som skulle vise seg å overgå forventningane til begge i turfølgjet. Etter å ha passert Renndølsetra kryssa vi brua over Renndøla og tok fatt på stien opp til Renndalen. God sti heile vegen etter kvart som det flata ut innover dalføret. Eit stykke før Renndalsvatnet tok vi av stien og gjekk nokså rett opp lia til ryggen av Renndølskamman. Vidare ned og oppatt på Kringlehøa. Returen gjekk ned til lavaste punkt mellom Renndølskamman og Kringlehøa, og derifrå ned til Langvatnet, for så å følgje strandkanten til vi traff på >>>

Map    

Børsetkjerringa og Viromkjerringa

Date:
02.06.2018
Characteristic:
Trip by foot

Opp til postkassa på Børsetkjerringa frå Børsetlauvet, og over til det høgste punktet. Ned mot Litlråkvatnet og opp på Viromkjerringa. Ned att mot Kjerringvatnet og via raudmerka sti tilbake til Børsetlauvet. Totalt sju i følget, ein av dei avbilda nedanfor, med både dronning, hest og troll i bakgrunnen.

Map    

Honnstadknyken

Date:
26.05.2018
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Stortuva

Date:
19.05.2018
Characteristic:
Trip by foot

Start frå hyttefeltet ved Steinsvoll og langs vegen opp til Kroken. Derifrå opp til Halsakammen og vidare via Vardhaugen bratt opp på ryggen til Stortuva. Flott dag og overaskande tørt underlag. Totalt fem i følgjet, med tre av dei avbilda under midt i ein kort rast ved Vardhaugen.

Map    

Honnstadknyken

Date:
15.05.2018
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Honnstadknyken

Date:
10.10.2017
Characteristic:
Trip by foot

Start i mørket med hodelykt i håp om å få nyte ein soloppgang over bygda. Blei vakre scener!

Map    

Flånebba og Smisetnebba

Date:
24.09.2017
Characteristic:
Trip by foot
Map