Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Løålikjølen

Date:
13.01.2021
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
10.5km

Årets første trimtur med ski på beina gjekk opp til Løålikjølen saman med eit sprekt følgje. Framleis noko småkvist og lyng som stikk seg opp i skisporet, men snømengden byrjar å ta seg opp, og alt i alt var det fint føre. Enda finare var verforholda, og med ein stjerneklar himmel og ei januarsol som ikkje var heilt ferdig med å drive lysshow i den vestlege horisonten, blei det eit augeblikks andakt på toppen før ein fekk testa glisona på veg ned.

Map    

Salen

Date:
09.01.2021
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
4.5km

Opp til Salen frå Ranes. Mykje har skjedd nederst i lia her, og vesentlig skogsarbeid har rydda utsikt langs stien som tidlegare gjekk gjennom tett granskog. Stien verkar derimot framleis å være i god behald, og det godt nedtråkka snølaget gjorde vegen opp lettgått, med berre små enkelte parti med is. Oppgått parti vedvarar opp bak trimposten på gammelsetra, og heilt nedunder Salens høgste punkt kor ein kort avstikkar frå stien tek ein heilt til topps.

Map    

Soggnebba

Date:
02.01.2021
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
8.1km

StikkUt-vegen opp til Soggnebba, og ei noko utradisjonell ruteføring heim att.

Map    

Runde om Tohatten

Date:
14.11.2020
Distance:
25.6km

Langtur i midten av november betyr eit kappløp med klokka, og med beskjedne mengder dagslys i begge ender av dagen no når adventstida står for døra måtte det iskald beregning til skulle ein få seg ein rundtur frå Kårvatn utan at handhaldne lyskilder måtte nyttast. Difor blei det sett kurs ut frå Kårvatn i retning Neådalen medan sola enda låg gøymd bak fjella i sør-aust, og kun gjorde sitt nærvær kjent ved raudfarga skyer som varsla om ein fin haustdag. Opp til Neådalen går vegen om den mykje omtalte Neådalsstigen, som er kjent for å være bratt og smal å ta seg opp. Tråkk og skilting i byrjinga av turen gjer stien lett å finne, og berre enkelte steder gjorde mykje lauvfall og anna vegetasjon det litt småproblematisk å finne vegen vidare, men alt i alt ein tydeleg sti >>>

Map    

Tjuvstuåsen

Date:
07.11.2020
Distance:
2.3km

Finversdag på Østlandet blei benytta til å krysse av Tjuvstuåsen, eit relativt populært turmål i Østmarka. Med start frå Myrdammen gjekk det langs tydeleg og tidvis veldig blaut sti opp til steinrøysa som ein gong blei reist her oppe. Fin utsikt over Øyeren og landskapet rundt. Retur same veg som opp, ikkje rett gjennom skogen i starten slik gps-sporet feilaktig antyder.

Map    

Honnstadknyken

Date:
14.10.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
10.3km

Dagens løpeøkt blei lagt til Honnstadknyken da det var meldt blå himmel og full sol denne ettermiddagen. Det skulle derimot vise seg at værmeldarane bomma grovt også i dag, som dei har for vane å gjere. Trim blei det uansett, og til tross for ein blaut sti som syng på sesongens siste vers fekk eg stabla meg opp til toppen og ned att. Om ikkje dette var den siste toppturen til fots i år, så er det i alle fall ikkje langt unna, for vinteren bankar hardt på døra til Trollas fjellheim no.

Map    

Honnstadknyken

Date:
06.10.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
10.3km

Ut på ettermiddagen kom det tilbud om å bli med på tannlegetrim opp til Knyken, og med dårlege utsikter for verbruket resten av arbeidsveka var det berre å slå til. Ein skal dog ikkje ta lett på eit slik tilbud og tru at det er tradisjonelt firmaturtempo det blir lagt opp til når desse to legg i veg, så her var det berre å leggje att så mange gram ein kunne både i sko og oppakning. Frisk bris på toppen, men elles vakre forhold denne oktoberkvelden.

Map    

Snota og Litl-Snota

Date:
01.10.2020
Distance:
30.9km

Oktober måned starta på best mogleg måte med sol og blå himmel. Ganske bra med vind var det derimot spådd, men vi lot oss ikkje skremme av det og svinga oss opp mot Gråsjøen i Folldalen med Trollheimens dronning Snota for auget. Den klassiske ruta opp blei benytta, men litt lengre enn vanleg blei det da brua under demninga var stengt for renovasjonsarbeid. Som alternativ var det satt opp ei gangbru for fotturistar å bruke. Dermed blei det parkert på austsida av Gråsjøen og vandra inn til Gråsjøen parkering. Herifrå fulgte vi stien opp til makalause forhold på toppen; sol, varme og vindstille. Vinden hadde blese frå seg nede ved Svartvatnet, og oppe på toppen kunne vi no speide rundt oss fritt for kuling. Returen blei supplert med ein avstikkar opp på Litl-Snota som ikkje tidlegare >>>

Map    

Gardfjellet

Date:
27.09.2020
Distance:
7.1km

Ein vakker søndag i slutten av september blei ramma for ein fin liten tur opp til Gardfjellet vest for Gråsjøen i Folldalen. Vakre farger og klår luft typisk for årstida gjorde dagen rett så triveleg, og den ikkje alt for lange ruta opp til toppen blei ein rein fornøyelse. Ved stistart markert med skilt til Gråhaugen bar den innover i retning Trollheimshytta før skilt mot Gardfjellet markerte starten på stien opp lia. Bløtt for anledninga, men rett så fint når ein først kom seg opp på ryggen. Fin transport herifrå og til toppvarden, alltid under oppsyn av Snota på motsatt side av dalen.

Map    

Gaustatoppen

Date:
19.09.2020
Distance:
11.4km

Det blei sagt at om veret spela på lag den helga eg hadde planlagt å besøke Østlandet skulle ruta bli lagt til Gaustatoppen. Med lovnad om sol og blå himmel så langt auga kan sjå (og dei kan sjå langt på toppen av Gaustatoppen) blei det transport med utgangspunkt i Lørenskog og endepunkt ved Stavsro parkering. Her starta turen opp til Noregs vidaste panoramautsikt. På veg opp blei det to avstikkarar; først kort opp til Store Stavsronuten kun eit godt steinkast frå hovudstien, deretter litt lengre opp til Gaustaråen. Herifrå blei det retur til stien kor vi etter kvart slutta oss til resten av følgjet, som i dag bestod av totalt seks. Til tross for at alt av fellesferie og turistsesong var over var vi ikkje riktig åleine om å stake oss opp ein kurs til topps. Det som kunne sjå >>>

Map