Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Klingfjellet og omegn

Date:
04.08.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
29.1km

Usedvanlig innhaldsrik miniferie i bobil, med Steinar Aarvåg som sjåfør og ledsager. Smultringar, kilometer og høgdemeter i fleng. For meir omfangsrik rapport visast det til Steinar sine betraktningar om turen; her supplerast det med eit knippe bilete.

Map    

Bjønnåsen

Date:
31.07.2021
Characteristic:
Jogging
Distance:
6.0km
Map    

Bolmtrollhetta og Rypfjellet

Date:
21.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
23.6km

Smultringtur frå Helgetunmarka. Bolmtrollhetta og Rypfjellet skulle kryssast av, og i det øyemed bar det innover i slagt og klopplagt terreng langs raudmerka sti over Stormyra. I følge kart skulle det og være sti å finne når eg no skulle bryte av sørover mot Bolmtrollhetta, men denne var ikkje å oppdrive verken på tur eller retur. Slik blei det vading over blaute myrer med nokre modne multer som einaste trøst, fram til ein stod klar for å ta fatt på stigninga opp til Bolmtrollhetta. Fint skue på toppen, kort rast i le for ein småkald vind på ein ellers varm dag, og ned på sørsida for å bestige Rypfjellet. Fin utsikt mot Rindhatten og Trollhøtta herifrå. Retur i overkant av idylliske Bøluvatna og omsider inn att på t-sti mot Helgetunmarka.

Map    

Soggnebba

Date:
15.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
5.6km

Kortreist besøk oppom Soggnebba, med to tobeinte og ein firbeint med på tur. Oppe ved trimposten i rett augeblikk, med sola som braut gjennom eit heller robust skylag og stri vind frå vest.

Map    

Runde vest for Skarvatnet

Date:
12.07.2021
Characteristic:
Jogging
Distance:
19.1km

Det skulle komme eit tog frå hovudstaden inn på Berkåk stasjon klokka 13:25 ein mandag, og ombord var ein passasjer som skulle fraktast vidare ned til Surnadal. Med det som utgangspunkt blei det skissert opp ei løysing for korleis ein kunne få utnytta ein solfylt formiddag i området på best mogleg måte, og fasit blei ein tildleg start og ruteføring vest for Skarvatnet. Her blei det ein runde i fint og lettløpt terreng frå Vardhøa i nord til Kvamman i sør. Ein varm og vakker julidag kor eg trudde eg skulle gå klar for klegg, fluer og anna armo som høyrer høgsommaren til, før eg nede ved Gråhåmmårtjønna fekk med meg eit par hundretalls fluer som følgje på resten av turen. Slik blei det minimalt med rasting, og ein relativt effektiv transport over toppane i området. Om dagens >>>

Map    

Honnstadknyken

Date:
11.07.2021
Characteristic:
Jogging
Distance:
17.5km

Trimtur til Honnstadknyken i variabelt vær, til forandring heilt nede frå bommen denne gongen.

Map    

Skjerdingfjellet

Date:
03.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
17.3km

Ein av somarens varmaste dagar så langt blei valgt ut til å skulle romme ein tur over Skjerdingfjellets mange topper, med utgangspunkt i innerdalsmerket ein finn langs vegen inn mot Kårvatn. Varmgang i samtlige fire ryggtavler opp gjennom skogen, før ein sval bris og kaldt rennande vatn sørga for livberging over tregrensa. Turen opp til og over Skjerdingen har etter kvart blitt godt beskreve, så ingen grunn til å supplere mykje her. Alle mann forserte det brattaste klyvepartiet rett oppunder hovedtoppen via direktelinja "rett på", framfor alternativet litt ut i vest-sida. Fleire turfolk å sjå både på toppen av Skjerdingfjellet og nede i Bjøråskaret kor vi la returen. Flott dag over ein av Trollheimens klassikarar!

Map    

Nordre Trolla og Litlnebba

Date:
02.07.2021
Distance:
13.0km

Ein julidag av beste sort var så vidt i gong då to mann stod med skoa ferdig knytt under skyggen av Hoåsnebba, klare for å gyve laus på høgdemetrane opp Hoåslia. Det store målet var sjølvaste Nordre Trolla, ein topp som til slutt blei bestege med mindre problem enn først antatt, grunna perfekte forhold og nøye forarbeid. Ikkje all verdens med detaljert informasjon fantes om denne ruta, men vi hadde i forkant gravd fram det vi kunne finne, og gjort oss opp ei meining rundt kva vegvalg som skulle takast undervegs. Ein tidleg start lot oss forsere Hoåslia medan det framleis var skugge på denne sida av Sunndalen, og greit var det, for det blir alltids varmt nok likevel når ein byrjar på motbakkane i dette dalføret. Kun avbrutt av eit par mindre stopp for å gjere eit innhogg i den >>>

Map    

Honnstadknyken

Date:
30.06.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
10.5km

Ein fin kveldstur opp til Knyken for å beskue bygda i låg solgang.

Map    

Blånebba via vesteggen

Date:
27.06.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
11.9km

Det har lenge vore snakk om vesteggen som leiar opp til Blånebba i Søyådalen. Både fjoråret og året før var meint å skulle leie oss opp hit, men forholda låg aldri heilt til rette for at det skulle gå å samkjøre eit turlag opp denne vegen, før ein sein junidag endeleg sjekka av alle boksane. Med start frå Holtasetra gjekk vi stien innover Søyådalen, og tok deretter av opp lia når det vart skilta mot Blånebba. Fin sti å gå etter, og den forsvinn ikkje før landskapet har åpna seg og resten av ruta gir seg sjølv. Vi vendte no nasen mot eggen som går opp frå vest, og dagens store mål. Enkelt og greit i starten etter kvart som det smalnar av og bratta tek til. Etter kvart heldt vi litt mot høgre fram til vi kom til eit punkt der det var fleire rutevalg å vurdere. Ein kunne >>>

Map     1 comment