Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (50)
- Cross-country skiing (15)
- Randonnée/Telemark (27)
- Trip by foot (152)
Favourite trips
Favourite peaks
Hovsnebba og Rebekka
- Date:
- 27.06.2020
- Distance:
- 7.1km
Det har tydelegvis blitt ein vane å benytte somarens varmaste dag til å bestige Hovsnebba, for nok ein gong hadde meterologane lova over 30 grader på dagen som var valgt ut til ein tur opp hit. Sist var vi berre to som tok oss opp dei vel 1500 høgdemetrane i varmen, men denne gongen mønstra heile fem klyvarar nede ved parkeringa, klare for å ta fatt på begivenheten. For fire var det aller første gong, og ein spolerer vel ikkje nokon overraskelse om ein allereie no avslører at alle fire etter endt tur var enige om at dette er ein verkeleg flott topp!
Klok av suksess frå i fjor kryssa vi fjorden tidleg på morgonen, og var klare til marsj før sola hadde kome seg til denne delen av dalføret. Ingen problem opp til Flaggnuten, som vi tok oss tid til å besøke. Kort bildeseanse før vi >>>
Honnstadknyken
- Date:
- 25.06.2020
- Characteristic:
- Trip by foot
Ettermiddagsturen til Snøfjellet blei fulgt opp av ein kveldstur til Honnstadknyken. Ein klassiskar frå Surnadal ein aldri går lei av. Snø i dei djupeste grytene langs toppyggen frå Svarrafjellet, men veldig fint og greit å kome seg opp. Alltid like fint å skue over bygda og Trollheimen etter eit lengre opphald sørpå. God rast med kveldskaffe høyrer alltid med her, medan praten gjekk laust mellom turfølgjet om kva for toppar som skal prioriterast i år etter kvart som snøen slepp taket.
Snøfjellet
- Date:
- 25.06.2020
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 9.4km
Somarens første tur i småsko blei lagt til Snøfjellet ovanfor Søyadalen, ein rett så fin topp skulle det vise seg. Inn forbi den idylliske Mellingsetra og Vassendsetra finn ein etter kvart skilt opp lia mot Snøfjellet og Trollhøtta, og opp hit går det ein fint og lettgått sti. Eit lite hinder var det derimot at det i forbindelse med skogsarbeid har blitt lagt ein slags veg bortover lia, som kan gjere det litt utfordrande å finne kor stien går vidare opp lia herifrå. Vi endte med å gå feil og følgje denne vegen til endes, men etter å da snu og gå tilbake lans vegen fekk vi etter kvart peila oss inn på stien og blå merking opp lia.
Vel opp over tregrensa går ein ganske raskt av stien som fortsett inn mot Trollhøtta, og siktar seg inn på toppen av Snøfjellet. Framleis ein >>>
Sommerskitur til Dronningkrona
- Date:
- 20.06.2020
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
Då det blei handla randoneeutstyr i mai og returen til Nordmøre var planlagt til slutten av juni var ikkje tanken at plankane skulle til dyst denne "vinteren", men slik blei det da altså likevel. Mens mai hadde gjeve sol og snøsmelting austafjells hadde det på vestlandet lagt seg snø så langt ned som i dalføra, og eit godt påfyll hadde det nødvendigvis blitt i fjellheimen også. Sjølv ei steikande varm juni hadde ikkje klart å ta knekken på all snøen innen den 20., og dermed blei det kombinert shorts og skisko opp lia frå Dalsbøen ein solfylt laurdag i juni, med Dronningkrona som mål. Undertegnede skulle teste utstyr og oppakning for første gong, og fekk erfare at greiner og anna vegetasjon er lettare å unngå utan ski på ryggen. Slikt småplokk var derimot langt >>>
Losby - Kurland
- Date:
- 13.06.2020
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 20.3km
Vårens siste langtur for å samle inn nokre toppar i Austmarka. Alternativ variant til den klassiske "rundturen" denne gongen, med skyss inn til Losby og endestasjon ved stuedøra.
Frå parkeringa på Losby bar det innover på grusvegen forbi Mønevannet og over demninga inne ved Tangen. Fin sti rundt til ein kjem inn på grusvegen att. Inne ved dalen som går opp nedanfor Ottedagersåsen var det eit svakt tråkk som det gikk greit å følgje. Opp på Ottedagersåsen og dagens første topp. Ned i ikkje alt for tett skogsterreng til Nordre Bjørtjern, rundt på nordsia og inn i ein stor granskog. Fann etterkvart ein sti som går langs bekken gjennom her i retning Mørkåshøgda og dagens andre topp. Deretter var det berre å bane seg veg brattlendt nedover i dalen og opp på andre >>>
Runde fra Losby
- Date:
- 16.05.2020
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 23.4km
Planglagt løpetur innover frå Losby blei kombinert med sanking av koller og åser i området. Langs grusveg opp mot Fiskelaushytta (pessimistisk tittel) før eg tok av nord opp skogslia langs eit tydeleg tråkk rett før ein kjem heilt inn til hytta. Fulgte tråkket heilt inn til Lusetjern kor eg kryssa bekken og runda rundt berget før eg fant ei fin oppstigning til Romsås og dagens første topp. Ned att same veg og rett opp på andre sida til Mønekollen. Peila meg herifrå inn på masta som står noko sør for Mønekollen, og herifrå går det skogsveg ned mot Arndalen. Denne fulgte eg eit stykke ned før eg tok rett inn sørover og gjennom granskogen til eg møtte på vegen som ender inne ved Drettvannet. Herifrå var plana opprinneleg å ta stien som i følge kartet går over Skålsjømyra >>>