Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Høgenipa

Date:
14.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:41h
Distance:
11.4km

Såg an at det kunne bli opplett på Skei i dag og Høgenipa har stått på ønskjelista. Starta ved parkeringa, der det er skilta til Nyken. God sti og god merking heile vege på toppen. Noko bratt opp frå Nyken og til Skafonnfjellet, men ikkje noko problem å gå. Skiftande ver på toppane rundt, men desse toppane gjekk "klar". Litt vind og nokre små snøfnugg i løpet av turen. Bra utsikt heile turen både over Kjøsnesfjorden og Jølstravatnet. Litt snø i stien frå Skafonnfjellet og opp det siste stykket til Høgenipa, men det var ikkje mykje. Bør vel vurdere brodder dersom det vert kaldare, men ingen problem å gå denne gongen.

Map    

Langefjellet og Kjeringa

Date:
08.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:57h
Distance:
11.7km

Parkerte ved avkjørsla i Avenbukta og fulgte merking mot Soheimskulten opp forbi Avestølen. På veg opp var det noko tåke, men det letta då eg kom litt høgare opp. Eg lurte ei stund på om det var mogleg å gå rett opp mot toppen etter at eg hadde passert Heimestølen, men eg fulgte merkinga likevel heilt til toppen. Toppen var ikkje merka noko spesielt og eg gjekk vidare til varden ved Kjeringa. Der var også betre utsikt. På veg nedatt tok eg sikte på vatna "Tangen", som eg passerte før eg kom til Avestølen. Det var ingen problem å gå ned denne vegen, sjølv om det ikkje var merka. Litt blautt i stien, så her bør ein ha med seg fjellsko som tåler vatn.

Map    

Laviksåta

Date:
01.11.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:36h
Distance:
4.0km

Det var meldt noko regn, men sidan været faktisk var ganske bra, tok eg sjansen på ein tur. Køyrte mot Lavik og opp Lavikdalen. Køyrte opp dalen nokre få km og parkerte på venstre side av vegen med god parkering og tydeleg merka mot Laviksåta. Stien starta ved parkeringa og over ei bru mot Lavikstølen. Bratt opp lia mot toppen. Stien er godt merka oppover bakkane. Men det var noko blautt etter mykje regn dei siste dagane. Noko regn og vind oppover, men med flott utsikt utover Sognefjorden og mot Hyllestad og blandt anna Lihesten. Gjekk litt rundt på toppen for å sjå meg om. Vinden gjorde at det ikkje var til at eg blei ståande på toppen. På veg nedatt vurderte eg ein tur på Handalsnipa, men sidan det kunne sjå til at det ikkje kom til å regne noko mindre, fann eg ut at eg >>>

Map    

Støyvastølen

Date:
31.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:19h
Distance:
4.8km

Map    

Hornnesstølen

Date:
27.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:28h
Distance:
3.9km
Map    

Nok eit Blåfjell

Date:
24.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:15h
Distance:
9.9km

Blåfjell er tydeleg eit svært populært namn på fjell. Så å sei at ein har vore på Blåfjell seier ikkje så veldig mykje eigentleg. Denne gongen vart det Blåfjell ved Torvund, langs Sognefjorden. Parkerte ved godt tilrettelagt parkeringsplass langs E39 ved Indre Torvund (nærast tunellen). Denne er godt markert og skilta vidare kor ein skal gå. Gjorde turen som ein rundtur der eg tok til venstre ved første stiskille og gjekk nedatt slik at eg kom ned lenger inn i dalen. Kortaste ruta er nok å gå inn til den innerste stiskille og rett opp, men då vil ein kanskje misse den finaste utsikta. Turområdet er meget godt merka og skilta. Så all ære til dei som har gjort den jobben Stort sett opphald heile turen, bortsett frå då eg nærma meg toppen. Dessverre så la tåka seg over toppen >>>

Map    

Bolteheia

Date:
23.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:50h
Distance:
5.6km

Turane i dagslys vert kortare. Skulle prøve ei kort nok rute, slik at eg kunne komme nedatt før det mørkna. Starta ved bommen, der eg parkerte. Turen vart kortare og heilt grei å gå. Litt blautt oppover bakkane. Eg sikta meg inn på høgdedraget og fann ein sti som tok meg inn på den merkar ruta frå Reiakvam. På veg nedatt tok eg sikte på stølshuset ved Bakkestølen (I alle fall det eg trur den heiter). Eit lite stykke på vegen tilbake til bilen.

Map    

Blåane

Date:
22.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
7.9km

Map    

Brandsøyåsen

Date:
21.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:18h
Distance:
4.5km

Søsteren har lenge snakka om å ta ein tur på Brandsøyåsen og då fann vi ut at denne dagen passa bra. Sjølv om det ikkje var meldt så bra vær, så var vi veldig heldige. Tok ein tur utom Florø sentrum og opp mot Storåsen for å sjå det fine lyset.

Map    

Nordheia - Djupviknipa

Date:
19.10.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:15h
Distance:
4.5km

Map