Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1978)
Offisiell opning av Nordheiastien
- Date:
- 26.10.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 4.0km
Då vart stien til Nordheia offiesielt opna av ordførar og turlaget. Det er lagt ned ein formidabel innsats for å få stien så fin som den er blitt. Endeleg går det an å komme seg på Nordheia utan å verte heilt gjennomblaut og skiten på beina. Tiltaket er eit veldig godt tiltak ettersom turen er blitt veldig populær dei siste åra. Etter kvart som fleire har gått, har stien blitt breiare og breiare på grunn av gjørme og myr. No er den tilrettelagt med trapper og steinar slik at ein kan lett gå opp til toppen.
Fauskevarden ++
- Date:
- 26.10.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:20h
- Distance:
- 8.4km
Opning av Nordheiastien og tenkte eg skulle ta ein liten tur på Fauskevarden før opninga. Litt blautt i stien nokre stader, men skoa holdt overraskande godt i dag. Friskt på tur med bra vindkast, men når ein går tur på hausten, så er det ikkje anna å forvente at det blæs litt. Så lenge det ikkje regnar i tillegg. Eg hadde så pass god tid på turen at eg valte å gå innom Dyreheia og Storevassheia. Eg har også høyrt at det går sti over tunnellen og fann då ut at eg skulle teste om eg fann ruta. Stien er greitt tydeleg, men då eg kom nesten ned til parkeringsplassen, så sikta eg meg berre inn på stien som går til Nordheia. Tenkjer det er greitt å kombinere turen til Nordheia med turen over Storevassheia.
Kletten og Ospedalen
- Date:
- 13.10.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:51h
- Distance:
- 11.9km
Nok ein dag med litt grått vær. Eg er ikkje verre på det enn at vi likevel kan ta ein tur ut. Det er godt å komme seg ut i frisk luft sjølv om sola ikkje skin.
Turen opp til Kletten er lettgått og fin og det er relativt fin utsikt frå toppen. Det er tydeleg sti heile vegen, så det er ikkje noko problem å finne fram.
Vi valte i dag å gå ein tur vidare til Grønevika og Ospedalen. Turen er eigentleg veldig fin, men ein må være budd på å bli skikkelig våt på beina ettersom stien går mykje i myr og det er ikkje noko tilpassa i det heile. Det er ganske fint nede ved Grønevika og opp Ospedalen.
Gotdalsstøylen
- Date:
- 12.10.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:30h
- Distance:
- 5.4km
Enda meir snø enn dagen før. På den eine sida veldig idyllisk med snøkvite tre, samtidig er det kanskje noko tidleg å få så mykje som 15 cm snø relativt tidleg i oktober. Tykkjer det kan vente i alle fall ein månad til.... Godt vi uansett ikkje styrer været.
Bjørsetfjellet og Hegrenesnipa
- Date:
- 10.10.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:27h
- Distance:
- 13.1km
Fekk spørsmål om eg ville være med til Bjørsetfjellet og Hegrenesnipa denne dagen. Værmeldingane var bra og det var ingenting å stusse på.
Til mi store overrasking var det komen nysnø på toppane, men ikkje så mykje at vi vassa i snø og det gjekk heilt fint å følgje stien.
Litt vind på toppane, men den gav seg då vi gjekk nedatt i tillegg til at sola varma. Absolutt ein finfin dag til ein fin tur.
Langbotnegga
- Date:
- 09.10.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:33h
- Distance:
- 16.3km
Nok ein dag med så som så vær. Det såg ut som om det kunne være antydning til lettare vær i Jølster, så då blei det tur til Jølster. Eg hadde tenkt å ta tilsvarande runde eg hadde for nokre år sidan der eg gjekk heile Langebotn rundt, men eg ville prøve å gå frå Årdalen via Fjellstøylen for å variere litt.
Fulgte merka og synleg sti opp til Fjellstøylen og vidare opp til Skaret.
Det var synleg og merkt sti heile vegen opp til Innestengbotnsegga. Men til mi skuffelse var det null utsikt og ein del tåke som ikkje ville sleppe heilt taket. Men ettersom eg kunne følge merka og stort sett synleg sti, var det berre å gå. Men eg tok ikkje sjansen på å gå heilt rundt dalen då eg var usikker på kvar stien vidare skulle gå og eg veit at stien kan være litt bratt ned. Så >>>
Storehaugen, Sogndal
- Date:
- 08.10.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:50h
- Distance:
- 22.4km
Det var meldt skikkelig dårleg vær i Sunnfjord. Etter det eg kunne sjå på værmeldingane var været i Indre Sogn ein del betre. Så då bar det avgårde til Sogndal og Storehaugen.
Eg har vore på Storehaugfjellet før, men ikkje på Storehaugen, så det passa bra på ein slik dag.
Parkerte ved idrettsanlegget ved Kaupanger og fulgte ulike vegar på veg opp til Storehaugen. Litt småregn i starten og etter kvart letta det og det var berre å nyte resten av turen.
Ryssdalshorn
- Date:
- 07.10.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:20h
- Distance:
- 11.2km
Haustferie og endeleg ein dag med opplett og nokon lunde fint vær. Ryssdalshorn har vore på ønskjelista lenge. Det fjellet har eg sett på kvar gong eg køyrer forbi Sandane og tenkt at dit skal eg ein gong. I dag passa det med både tida og været, så då var det å peise på til Sandane.
Eg har høyrt at vegen opp til Ryssdalsstølen skulle være bratt, og ja, det var bratt... i alle fall ein del av ruta opp.
Etter Ryssdalsstølen var det godt merka oppover. Det er sett opp ei metalltrapp på klyvepartiet, så sjølv om det føltes litt luftig, så gjek det greitt opp.
Etter trappene gjekk det fint opp mot toppen. Rett før toppen tok eg stien til venstre, sjølv om den til høgre er merkt. Eg vil tru den faktisk er litt lettare å gå opp enn å følge merkinga.
Flott utsikt, sjølv >>>
