Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Lyse horn

Date:
12.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:28h
Distance:
9.4km

Parkerte ved Lyse kloster. Ein turistattraksjon eg ikkje visste fanst før denne dagen. Fin tur oppover lia og til topps. Godt merka rute. Tok ein anna runde ned igjen og fekk nokre fine utkikkspunkt. Grei sti heile vegen. Litt blautt over myra i Rennedalen.

Map    

Storafjellet

Date:
11.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:30h
Distance:
1.7km

Enda ein lettgått tur ved Krokeide.

Map    

Veten i Fana

Date:
11.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:52h
Distance:
3.2km

Oppdrag i Fana. Fin tur til Veten. Lettgått tur med masse utsikt.

Map    

Sandegga frå Nydalsstølen

Date:
10.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:23h
Distance:
7.2km

Endeleg ein solskinnsdag igjen. Då blei det tur til Sandegga frå Nydalsstølen ettersom det er den lettaste ruta opp. Flott med sola, sjølv om det var noko vind på toppen.

Map    

Fyglastølen

Date:
09.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:33h
Distance:
2.6km

Opplett etter ei stund med mykje regn. Fint å gå denne dagen.

Map    

Storehesten

Date:
08.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:28h
Distance:
11.3km

I dag stod Storhesten for tur. Det blei litt fram og tilbake før eg bestemte meg for å prøve meg på egga opp mot Storehesten, trass litt regn og snø. Eg må innrømme at det ikkje var like lett å komme opp då ruta var noko sleip enkelte stader og snøen dekka litt av stien. Etter dei siste dagars nysnø vart det noko krevjande enkelte stader og med min høgdeskrekk, så vart det ei lita utfordring. Men eg kom meg opp etter litt arbeid. På veg nedatt var det faktisk meir snø og sjansen for å unngå snøen var ikkje til stades. Så då var det berre å gå på. Stort sett heile turen var opplett og tendensar til solskinn. Men då eg kom nedatt mot Skaraly opna alle sluser seg og det lille håpet om å være nokon lunde tørr rant ned med regnet. Heldigvis er stien frå Skaraly mot Stølshaugane >>>

Map    

Hatlesetnipa

Date:
07.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
6.9km

Det såg an til å være opplett resten av dagen og turen gjekk då til Hatlesetnipa. Vi fekk rett nok noko regn på vegen, men det var i skogen før Fløgjen. Det var friskt og fint og opplett resten av turen. Utsikta frå Hatlesetnipa er ganske flott både innover mot Norddalsfjorden Eikefjorden og ikkje minst ut mot havet. Stien er nok prega av ein del regn dei siste dagane, så det er ikkje heilt lett å halde seg tørr på føtene. Men utsikta kompenserer godt for det.

Map    

Skogstadfjellet

Date:
05.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:36h
Distance:
6.5km

Fekk invitasjon frå søsteren om å gå ein tur på Skogstadfjellet. I desse dagar er været litt ubestemmelig. I eit øyeblikk er det høljeregn og i neste så er det sol. Og innimellom der er det haglebyger. Det er difor litt vanskeleg å finne turar som ikkje betyr at ein er kliss blaut på beina. Skogstadfjellet er fint med tanke på at deler av turen går i skog og skjermar difor for det verste regnbygene. Gleden vart stor då vi innimellom får solstrålar som til og med varmar. Sjølv om det ikkje er like fint som i mai, så må vi jo berre ta det været vi får. Og som vestlending så klarer dei fleste å glede seg over dei solstrålane vi kan få.

Map    

Hornnesstølen og Skeistølen

Date:
03.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:29h
Distance:
13.3km

Tur med Førde vidaregåande turlag. Litt regn i lufta etter ca ein månad med finvær. Det stoppa ikkje dei mest ivrige i turlaget for det. Og det var faktisk ikkje så ille. Nokre regnbyger og littegrande vind var berre forfriskande. Stort sett mest opplett på turen, sjølv om beina ikkje akkurat var tørre. Det minner meg på at eg snart på imprignere skoa igjen, sjølv om eg kjem til å gløyme det til neste gong eg vert våt på beina. Og som det vert sagt: du angrer aldri på ein tur. Ikkje denne gongen heller.

Map    

Smalerabben frå Førde

Date:
01.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:16h
Distance:
13.7km

Tur med kollegaer til Smalerabben. Testa ut ei anna rute enn vi gjekk sist. Fint å gå innover mot Lågeide og bratt opp på høgda. Dette gav mykje utsikt for innsatsen. Det er ei utfordring med høgda ned på begge sider over Smalerabben i alle fall for dei fleste. Det er ein spektakulær tur der høgdeskrekken vert utfordra. Her gjeld det å halde seg på beina og ikkje snuble. Litt vind gjorde at lunsjen måtte takast i le ved Veslerabben. Godt å sette seg ned for ein pause og nyte utsikta. Retur ned mot Berlevatnet og følge Nordsjøløypa tilbake til Førde og parkeringsplassen. Vi var godt fornøgd med turen som vart valt.

Map