Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Årskogheia

Date:
04.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:43h
Distance:
14.0km

Etter å ha hatt eit lite uhell ein tur, var beskjed frå lege at eg bør være forsiktig på tur og ikkje gå i for ulent terreng. Skaden var nok større enn eg først hadde tenkt. Så då blir det lette turar på meg nokre dagar. Testa difor ut Årskogheia. Det bør jo være ein relativt lettgått og ikkje så ulent. Fulgte traktorvegen opp til Vikumstølen. Derfrå var det sti. Det var berre eit lite problem. Det var ikkje alt for godt merka, slik at eg klarte å gå litt for mykje nord langs heile Årskogheia mot Årskogstølen. Det var nok litt dyretrakk som lurte meg ut på "ville vegar". Frå Årskogstølen fann eg merka rute tilbake. Og store delar av turen var godt merka, men fleire stader var det vanskeleg å finne "den rette sti" ettersom merkinga nokre stader >>>

Map    

Viafjellet frå Tefre

Date:
01.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:42h
Distance:
8.1km

Hadde funne ut eg skulle teste ruta opp frå Tefre til Viefjellet. Greitt å finne stistart, men ikkje var det så godt merka, og heller ikkje var det så fin sti i starten. Mykje gjengrodd, men ikkje umogleg å finne ruta. I tillegg hjalp det ikkje at mykje av ruta rett etter traktorvegen bestod av blaut myr. Etter kvart så blei stien noko tydelegare og forsåvidt greitt å gå. Sikta meg inn på toppen av Viefjellet før eg skulle bort til Viafjellvarden. Og til mi store overrasking var det plutseleg kom eit og anna merke i nærleiken av toppen. Valte å gå ned til Vieåsen, slik at eg slapp ned i blautmyra ein gong til.

Map    

Dalestølen og Støfringsstølen

Date:
28.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:08h
Distance:
5.4km

Når været er litt ustadigt, så er det greitt med turar som ikkje er så lange. Vi klarte å unngå høljeregnet på store delar av turen, men då vi var på veg nedatt frå Støfringsstøylen, haldt det ikkje lenger. Så heldige var vi ikkje. Men fordelen med sommar er at regnet er ikkje fullt så kaldt.

Map    

Gjesdalsvatnet

Date:
24.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:08h
Distance:
8.8km

Nydeleg dag denne dagen. Fine temperaturar og solskinn... kan det bli betre? Hadde med mannen og søsteren på tur i Gjesdalen. Med påfølgande dukkert i Gjesdalsvatnet. Akkurat passe bratt denne dagen. Litt kaldt i vatnet, men eigentleg heilt innafor. Nokre gongar er det greitt at turane ikkje er for bratte og lange.

Map    

Svistølen

Date:
23.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:06h
Distance:
4.0km

Fin tur etter regnbygene med mann og søster.

Map    

Steindalsfjellet og Dyrdalsknausen

Date:
22.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:55h
Distance:
18.3km

Tur med ein veldig kjekk kollega til Steindalsfjellet. Det er rart det der at dei fjella ein er vaksen opp rundt, ikkje alltid er dei fjella ein har besøkt. Dette gjeld for kollegaen min. Ho er vakse opp rett under dette fjellet, men aldri vore på toppen. Så i dag fekk ho sjansen. Etter det eg forstår, så skal det gå ei rute sånn omtrent rett opp, men ettersom verken eg eller ho er så veldig kjent oppover fjellet, så tok vi ikkje sjansen på noko krumspring opp fjellsida. Så vi gjekk den trygge ruta opp. Og på trass at værmeldingane lova regn, så kom ikkje ein drope. Det blei til og med litt heitt etter kvart. Fulgte ikkje merkinga heilt på veg opp, men vi gjorde det nedatt. Eg hadde ein avstikkar opp til Dyrdalsknausen før vi gjekk nedatt til bilen.

Map    

Smådalsnipa

Date:
21.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:08h
Distance:
8.8km

Map    

Hafstadfjellet

Date:
17.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:23h
Distance:
7.2km

Tur med søsteren frå Bekkjavatnet og opp stien. Fann ut vi skulle gå ned Hafstadkleiva sidan vi ikkje hadde gjort det på ei stund. Vel... eg trur vi hadde gløymd kvifor Hafstadkleiva ikkje er den foretrukne ruta ned. Det er kanskje den ruta som er hardast for knea. Og for dei som ikkje er sååå glad i grusveg, så er det litt kjedeleg rett og slett. Takke meg til ein fin og litt kupert sti.

Map    

Bolsetnipa

Date:
16.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:15h
Distance:
13.3km

Vegen opp til Fossheimsdalen er stengd på grunn av noko ueinighet. Grunneigar har sett opp skriv der dei begrunnar kvifor vegen er stengt. Så då blei det eit par ekstra km på grusveg. Må innrømme at eg ikkje akkurat er storfan av å gå på grusveg når eg skal på fjellet. Men det går tross alt litt fortare enn å gå i marka. Værmeldingane var fare for lyn og torden ut på ettermiddagen, så vi tok sjansen på at vi ikkje blei treft av noko slik på turen vår. Fin tur stort sett heile vegen. Nokre dropar kom det, men ikkje nok til at vi blei våte. Stort sett fornøgd med turen denne dagen. Det var tross alt ganske vått tidlegare denne morgonen. Så at vi fekk så mykje sol og fint vær er berre hærleg.

Map    

Ørneklumpen

Date:
15.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:33h
Distance:
4.4km

Litt sliten dag med sein kveld og litt for tidleg morgen. Endeleg letta regnet og det var tid for ein liten tur. Ørneklumpen er ein topp eg ikkje har besøkt før, så eg fann det passande å besøke denne på ein slik dag. I tillegg er det trimpoeng på Flora fjelltrim sin app, det gjer at det låg ein turbeskrivelse i appen. Eg fulgte skiløypa frå parkeringsplassen og over brua og tok av til venstre og gjekk opp langs elva, slik det stod i beskrivelsen. Det var eit slags dyretråkk oppover lia, men etter kvart traff eg på ein sti med ei bru over elva og fulgte den til Langevatnet. Det var også laga til ei bru rett ved vatnet, slik at eg slapp å vade over elva. Ikkje noko tydeleg sti, men tråkk her og der det siste stykket til toppen. Fin utsikt og fint og tørt å gå heile vegen opp. >>>

Map