Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1906)
Langebottnsegga
- Date:
- 06.08.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:09h
- Distance:
- 12.0km
Starta opp mot post 4 til Jølster Fjelltrim og gjekk vidare over ryggen opp mot Langebottnsegga. Fant ut at det var ikkje så langt bort til Instengjebottnsegga, så eg hadde ein svipptur bort på den toppen også. Gjekk ryggen nedatt mot parkeringsplassen. Til tider god sti og til tider forsvant stien. Skiftande ver i dag, frå opplett og fram til striregn. Så det blei ein heller våt opplevelse. Men når sommaren ikkje akkurat har overdrive mengda med sol, så må ein også velje nokre heller tvilsomme værdagar å gå på tur. Fekk opplett på toppen av Langebottnsegga, så då kunne eg nyte utsikta mot Skjorta og ned mot Jølstravatnet både til Årdal og til Helgheim.
Bjørsetfjellet og Hegrenesnipa
- Date:
- 04.08.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:53h
- Distance:
- 13.7km
Starta i Dalen ved Ålhus, og gjekk opp mot Skarstøylen, der Jølster Fjelltrim har ein av fjelltrimpostane sine. Fulgte traktorveg/ sti heilt opp i dalen. Svinga vidare opp mot Hegrenesnipa, der det var sti. Toppen av Hegrenesnipa gir god utsikt mot Jølstravatnet. Deretter gjekk eg ned i dalen igjen og opp mot Bjørsetfjellet. Her er det til dels merka sti. Det er framleis litt snø oppover, men ikkje så mykje at ein er nøydd å gå oppå den. Men stien er delvis dekka med snø. Måtte gå litt ut mot kanten for å få utsikt mot både Vassenden og Skei. Veret var skiftande frå opplett og til relativt mykje regn. Men når temperaturen er grei, så gjer det ikkje noko om det kjem ei regnskur.
Byrdalsfjellet
- Date:
- 27.07.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:15h
- Distance:
- 7.9km
Starta ved tunellen ved Helle og fulgte ein traktorveg. tok av til høgre rett ette første motbakke. Det endte med at vi havna midt ute i bratt skog. Fulgte kartet og tok sikte på ein ny traktorveg. Denne traff vi på rett før vi kom opp på Orkja. Tok sikte på toppen av Byrdalsfjellet og det gjekk greitt. Vi passerte eit lite sel før vi tok til på siste stykket mot toppen. Flott utsikt både mot Redal/Håsteinen og Heilefjellet. På veg nedatt gjekk vi rundt utan å gå ned i dei blautaste myra. Kom nedatt på traktorstien rett nedanfor Orkja og fulgte denne ned til bilvegen. Fulgte bilvegen siste stykket opp mot tunellen igjen.
Fauskefjellet
- Date:
- 26.07.2015
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:11h
- Distance:
- 4.2km
Hadde med meg tre yngre deltakarar på turen. Vermeldinga viste regn, men då vi såg ut vindauget såg vi flott solskinn og fin sommardag. Vi bestemte oss for å ta ein lett tur. Vi starta ved ein gard på Aase, og fulgte traktorvegen som er merka opp på ut.no sitt kart. Det går to traktorvegar opp og vi bestemte oss for å fylgje den som gjekk til høgre. Der denne traktorvegen endte, gjekk vi over gjerde og fulgte ein sti vidare. Då traff vi på ein traktorveg til og fulgte den eit stykke. Til slutt så sikta vi rett på toppen over ei myr og rett i eit skogkratt. Frå toppen var det flott utsikt mot hestane og flyplassen. Nedatt gjekk vi i litt meir ope terreng og ungjekk skogkrattet. Då traff vi fort på eit traktorspor og fulgte det heilt ned til garden. Då traff vi på den andre >>>
