Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1799)
Liten bonustur
- Date:
- 02.05.2021
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:08h
- Distance:
- 4.0km
Tok av ved Norevik og køyrte den gamle hovudvegen til bommen. Bommen var open, men eg tok ikkje sjans på at den ikkje blei lukka, så eg parkerte rett ved bommen. Fulgte vegen og tok opp lia langs eit dyretråkk og fulgte det heilt til toppen. Litt bratte parti, men ikkje så vanskeleg å følgje.
Rossvikheia
- Date:
- 02.05.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:01h
- Distance:
- 3.7km
Parkerte langs vegen ikkje så langt unna Birkeland der det var mulig å setje fra seg bilen. Fulgte skilting frå hovudvegen og opp den Trondhjemske postveg fram til nytt skilt som viste kor eg skulle ta av til venstre. Fulgte god sti til toppen. Fin utsikt i fleire retningar.
Haukåbøra
- Date:
- 01.05.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:34h
- Distance:
- 17.6km
Starta ved Nordalsfjorden gravplass og pakka med trugene på turen. Fulgte ruta på ut.no appen opp og nedatt.Trugene kom på eit stykke opp i bakken etter Litlevatnet. Utruleg bra vær i dag. Nesten vindstille på toppen
Øygardsfjellet
- Date:
- 27.04.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:43h
- Distance:
- 3.8km
Parkerte ved ei lita utkøyrsel ikkje langt unna eit hus rett før krysset til Mannebrekke. Tok sikte opp gjennom bakkane og prøvde å sikte inn på toppen så godt det lar seg gjere. Turen gjekk bratt opp bakken. Retur nesten samme veg.
Skårseggja og Storefjell
- Date:
- 25.04.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:05h
- Distance:
- 9.8km
Parkerte ved Vardeleite der var parkeringsplass rett ved busstoppet og fulgte godt merka sti opp til Skarseggja. Gjekk vidare frå Skarseggja og over til Storefjellet. På veg nedatt frå Skårseggja var merka, men stien var litt lite synleg enkelte stader på grunn av snø og egga derfrå var til dels smal. Det siste stykket ned derfra var snøen hard og vanskeleg å passere, så det gjekk forsiktig nedover. Nede frå første partiet var det skilta og eg fulgte stien mot Ytre Torvundstølen. Eg tok av stien då eg såg eg kunne gå opp på Storefjellet. Ein liten rast der før eg gjekk tilbake ned til der eg tok av stien og sikta meg inn på Brennsettjørna. Eg fulgte den godt merka stien ned til Torvund og tilbake til bilen.