Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Sjønakletten

Date:
14.03.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:03h
Distance:
3.3km

Map    

Førdsnipa i Bremanger

Date:
13.03.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:25h
Distance:
6.8km

Køyrde inn så langt det gikk opp i dalen og sette bilen frå oss på ein stor parkeringsplass. Vi peila oss inn på ein sti som var markert på kartet, sjølv om stien sannsynleg hadde ein litt annan start. Fann etter kvart stien og då gjekk det greitt oppover mot Strugsnipa og vidare mot Førdsnipa. Fulgte god sti ned mot Lågseide og veg vidare ned mot bilen. Ein flott tur som kan anbefalast dei fleste.

Map    

Gravdalsholten

Date:
12.03.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:42h
Distance:
3.6km

Av og til kan ein angre på turvalet. Denne dagen var det ikkje mykje stas å gå på tur. Eg hadde møte i Sogndal og fann ut at eg berre måtte ein liten tur ut. Forslaget fall på Gravdalsholten og vi skulle velge den "enkle" ruta opp. Vel.... vi starta bra med godt tråkka rute i starten. Men då vi kom i litt brattare terreng var det nedsøkk i snøen store delar av turen. Det som eigentleg skulle være ein enkel ettermiddagstur, var alt anna enn enkel.

Map    

Kletten Naustdal

Date:
10.03.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:18h
Distance:
5.2km

Fin rute opp Klettastien. Ikkje fullt så fint ned via Helgåsvegen og tilbake til bilen.

Map    

Nordheia/Djupviknipa

Date:
08.03.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:48h
Distance:
3.7km

Endeleg har det vore nokre fine dagar og då gjeld det å komme seg ut i frisk luft. Ein kjapp tur mellom jobb og møte seinare på dagen.

Map    

Gytta - aksjon for kreftsaken

Date:
06.03.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:31h
Distance:
1.8km

Førderussen har aksjonen Krafttak mot Kreft gåande. Og eit av tiltaka var at aksjonen skulle få 30 kr pr person som signerte i boka denne dagen. Då var det viktig å få gjennomført det.

Hafstadfjellet

Date:
05.03.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
2:23h
Distance:
9.1km

Starta så vidt med trugene, men fann fort ut at dei kunne leggast i bilen. Gjekk over til broddar, som kladda slik at eg tok det av. Gjekk fint på beina. Null utsikt frå toppen.

Map    

Nordheia

Date:
04.03.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:54h
Distance:
3.7km

Nydelig tur denne fredagen

Map    

Fureviknipa

Date:
03.03.2022
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
1:25h
Distance:
4.5km

Virkelig ein fin ettermiddag.

Map    

Klungeren på truger

Date:
27.02.2022
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
4:00h
Distance:
11.0km

Ein virkelig fin dag. Litt vind, men det gjorde ingen ting. Vi starta i fin driv og lurte på om det kanskje hadde vore betre med ski enn truger denne dagen. Men det snudde fort, då vi såg at det vart hardare og hardare truger jo lenger opp vi kom. Truger var perfekt på ein slik dag. Rett før toppen klarte turveninna mi å knekke truga, så det vart ein litt hardare tur enn ellers. Men etter det eg forstod, så ville ho ikkje ha vore turen foruten.

Map