Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Skudalsnipa og Fossedalsegga

Date:
27.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:07h
Distance:
15.5km

Litt grått i Førde i dag morges. Værmeldingane var betre i ytre og tok sjansen på at eg skulle fullføre toppane ved Guleslettene ettersom det står berre to att. Parkerte ved parkeringslomme i Øvrebotnen og fulgte traktorveg opp Norddalen og vidare merka rute derfrå. Slakt og fint i starten, noko brattare opp skaret før Fossedalsvatnet. Tok til venstre opp ved eit stiskille og fulgte sti opp mot Skaravatnet. Tok til høgre opp på høgda før Skudalsnipa. Retur ned til Skaravatnet etter eit par bilder. Fulgte ruta tilbake til stiskille der eg gjekk først opp på Vestre Fossedalsegga, ettersom det var relativt kort opp. Sikta meg inn på ein sti, som gjekk opp mellom Fossedalsegga og Austre Fossedalsegga. Retur ned derfrå samme vegen, men først opp på Austre Fossedalsegga. Gjekk >>>

Map    

Kolåsfjellet og Vardebu

Date:
26.07.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
1:16h
Distance:
4.3km

Siste turen denne solskinnsdagen. Fulgte ruta opp til Vardebu. På veg opp traff vi på ein svært hyggelig mann som fortalte litt om området og utsikta. Han kjente godt til historien om dagsturhyttene i Hordaland og arbeidet som er gjort for å få hyttene på plass. Kjekt å treffe på lokalkjente og få litt historie på kjøpet. Turen vår gjekk vidare til Kolåsfjellet der vi såg ned på andre sida, blandt anna mot Masfjordnes. Stien frå Vardebu til Kolåsfjellet er tilrettelagt slik at vi slapp å bli våt på beina. Joggesko hadde vore heilt greitt skotøy. Nydeleg solskinnsdag med tre av dagsturhyttene. Fekk snap med bilde heimafrå der været ikkje akkurat var strålande. Dette gjorde ekstra godt med tanke på val av plass å være denne dagen. Vi hadde tenkt oss på overnatting >>>

Map    

Litlåsfjellet

Date:
26.07.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:16h
Distance:
1.1km

Parkerte der vi såg det kunne parkerast og gjekk opp vegen. Toppunktet ligg nokre få meter frå vegen. Ikkje akkurat panoramautsikt. Men grei tur.

Map    

Vardetangen

Date:
26.07.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:26h
Distance:
2.0km

Eg var her for eit par år sidagn i lag med mi datter. Denne gongen ønskte min mann at vi skulle ta turen, sidan han har ønskje om å besøke flest moglege dagsturhytter og at det er kjekt at vi kan ha eit felles prosjekt. Turen bort er lettgått og tilrettelagt for barnevogn. Nydeleg solskinnsdag.

Map    

Fedjebjørnen

Date:
26.07.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:13h
Distance:
0.8km

Ettersom vi tok turen ut til Fedje og høgste toppen ikkje akkurat var noko slit, så blei det ein tur på Fedjebjørnen. Grei sti til topps, ikkje akkurat noko stort slit. Utsikta var ikkje noko å klage på. Flotte nøkkeroser i tjerna på Fedje.

Map    

Aurihophytta

Date:
26.07.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
0:44h
Distance:
2.4km

Starta frå Førde tidleg denne dagen for å besøke nokre dagsturhytter (i tillegg til eit par toppar) Nydeleg ver og tendensar til varmt, sjølv på Fedje.

Map    

Viestølen

Date:
24.07.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h
Distance:
7.2km

Map    

Solbakkeheia

Date:
24.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:54h
Distance:
5.8km

Værmeldingane var ikkje dei beste. så det vart ein kort tur denne dagen. Satsa på å finne stien på Redalssida av tunnelen. Fulgte ruta opp til skaret og vidare mot Blåfjellet. Tok av frå stien der eg såg det kunne passe og sikta meg inn på toppen. Tok ein avstikkar mot Orkja på veg nedatt. Klarte å komme meg i bilen før regnet starta.

Map    

Nonsnova

Date:
23.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:22h
Distance:
8.8km

Starta litt seint denne dagen og antok at Nonsnova ville være ein grei tur. Parkerte ned forbi fellesfjøsen ved Øygard og starta på det som tydeleg var nyrydda sti. Denne må ha vore rydda så og sei denne dagen. I alle fall ein fin jobb som er gjort. Stien gjekk opp til Øygardsstølen og var delvis merkt. Etter Øygardsstølen kunne eg ikkje finne noko sti, men eg fann det som såg ut som dyretråkk. Men som dei fleste veit, så har dyr ein tendens til å gå litt på kryss og tvers og i alle fall ikkje alltid unngå buskas og tre. Det vart difor litt krangling med nokre busker. Skulle krysse elva og plumpa rett nedi, så dei så og seie nye goretexskoa tålte ikkje så mykje vatn. Fortsette opp og sikta meg inn på skaret sør for Nonsnova. Der fann eg ein sti opp skaret. Derfrå var >>>

Map    

Rognen

Date:
22.07.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:02h
Distance:
10.7km

Etter å ha sett på skyene i indre og mindre skyer i ytre, i tillegg til å sjekke værmeldingane, fann eg ut at det vart tur i ytre denne laurdagen. parkerte ved lomme ved Sagebø. Fulgte ruta som er lagt inn på ut.no. Det var ein sti, men ikkje veldig tydeleg, det var også det eg tenkjer er dyretråkk på kryss og tvers av det som mest truleg er stien opp. Fulgte Mørkedalsevla på høgre hand. Måtte gå opp elva eit stykke, der det var greitt å gå. Tok opp til høgre vidare mot Rognen der det såg ut til å være greitt å gå opp. Retur ned frå Rognen og gjekk vidare til Gulestønipa. Retur ned Mørkedalen. Litt krangling med busker her og der, men greitt å navigere seg fram. Nydeleg vær, litt vind. Då eg var på veg inn igjen til Førde traff eg på fleire kraftige regnbyger, >>>

Map