Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Skratleheia

Date:
11.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h
Distance:
11.1km

Etter gårsdagens vær, så er det godt å komme seg på ein ny tur vel vitande om at det stort sett er blautt i marka. Det er ei stund sidan sist eg var på Skratleheia og tenkte det var ein grei tur i dag. Hadde planer om å ta samme rute som sist, men det var uråd å komme over elva ved Skarsvatnet. Vi valte difor å gå til venstre ved vatnet. Det var sti langs vatnet, så det var heilt greitt å gå. Vi studerte litt på korleis vi skulle komme oss opp på ryggen og valte ei grei rute opp utan sti. Oppe på høgda fann vi ein sti vi fulgte eit stykke før den vart vekk, mest truleg på grunn av litt myrete terreng. Greitt å finne fram til toppen derfra uansett. På returen fann vi ein sti ned frå høgda. Denne fulgte vi og tok av mot venstre opp igjen til Skarsvatnet. Det blei ein liten >>>

Map    

Gytta i regnværet

Date:
10.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.2km

Dagens friskluftstur i uværet. Godt å ha nokre enkle turar som berre ligg klar dersom det ikkje skulle være det aller beste været. Ein kan endåtil komme under tak og berre være på slike stader.

Map    

Nybruhølen i høljeregn

Date:
09.08.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:30h
Distance:
2.4km

Fulgte vegen frå Åsane opp til stien mot Sandegga starta. Godt med frisk luft.

Gytta

Date:
08.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.1km

Eit litt ustabilt vær denne dagen. Klarte å komme meg opp og ned utan så mykje regn.

Map    

Nordheia og Djupviknipa

Date:
07.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:08h
Distance:
4.0km

Litt vindfullt denne dagen, men utsikta er ikkje til å bli lei av.

Map    

Gytta

Date:
06.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.0km
Map    

Digernesvatnet og Viestølen

Date:
05.08.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h
Distance:
7.4km
Map    

Langevasshornet ++

Date:
04.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:34h
Distance:
15.1km

Etter det eg kunne sjå, var dei beste værmeldingane i ytre i dag. Så då blei det tur til Bremanger og ein av dei toppane eg har mangla der ute. På veg ut var det mykje regn og litt yr innimellom. Eg parkerte nede ved vegen ved Eikeset. I det eg hadde parkert bilen og gjorde meg klar for å gå, slutta regnet og eg håpa i det lengste at tåka skulle lette også. Eg gjekk opp vegen ved Eikeset og vidare over på traktorveg, som etterkvart minna meir om ein litt brei sti enn ein traktorveg. Greitt å gå på når det tydeleg har regna denne natta. Etter kvart gjekk vegen over i merkt sti og dermed litt blautare å gå. Stiane i Bremanger er veldig godt merka, så når det var litt tåke på Langevasshornet, så gjorde ikkje det så mykje med tanke på at det er mogleg å sjå kvar eg skulle >>>

Map    

Gulebrystet

Date:
03.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:37h
Distance:
3.8km

Etter eit par lange fjellturar dei foregåande dagane, var det godt å kunne ta ein kort tur. Gulebrystet har eg ikkje vore på før, i tillegg har eg misstanke om at det skulle være fin utsikt. Så då blei det Gulebrystet. Parkerte ved eit busskur ved Sandvika, rett før kirka. Gjekk vegen Sandvika til endes. Der var det merka rute heilt opp til topps. Bratt tur og relativt kort. Stien var tørr og fin med nokre berg enkelte stader. Flott utsikt frå toppen og til og med ein benk som er sett ut på kanten.

Map    

Sollinova

Date:
02.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:05h
Distance:
12.9km

Då fekk eg fullført Sunnfjord kommune si liste over toppar med 100mpf. Dette var nok ikkje den enklaste toppen for meg, sidan den kan verke litt luftig det siste stykket opp. Eg var litt usikker på kor stor elva var, så eg gjekk opp på venstresida av elva. Litt kronglete å komme seg opp, men det gjekk for så vidt bra. Brukte nok ein del lenger tid opp på grunn av krangling med nokre busker. Oppe i Sollibotnen fann eg merkinga opp til toppen og glad er eg for det, for det er ikkje den mest opplagte toppen å bestige. Stien gjekk rett opp og så noko til venstre. Etter kvart vart det litt vel luftig for høgdeskrekken, men viljen er nok større enn høgdeskrekken, så opp skulle eg. Eg var i alle fall så var eg svært glad for at merkinga framleis er så pass bra at det går an å komme >>>

Map