Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Kvernberget, Kristiansund

Date:
09.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:51h
Distance:
3.4km

Etter å ha besøkt Kristiansund by, så er det greitt å besøke "byfjellet" også. Flott utsikt over Kristiansund frå toppen. Det går ei trapp opp, men vi valte å gå stien. Den er vel så fin som trappene.

Map    

Litledalsvatnet

Date:
07.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:25h
Distance:
5.9km

Map    

Kleppsåsen

Date:
06.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:15h
Distance:
4.0km

Roleg tur med mannen

Map    

Kvamstølsvatnet

Date:
05.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:42h
Distance:
8.9km

Tur til Fosstølen og vidare opp til Kvamsstølsvatnet. Noko blaut tur.

Map    

Årskogheia

Date:
04.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:43h
Distance:
14.0km

Etter å ha hatt eit lite uhell ein tur, var beskjed frå lege at eg bør være forsiktig på tur og ikkje gå i for ulent terreng. Skaden var nok større enn eg først hadde tenkt. Så då blir det lette turar på meg nokre dagar. Testa difor ut Årskogheia. Det bør jo være ein relativt lettgått og ikkje så ulent. Fulgte traktorvegen opp til Vikumstølen. Derfrå var det sti. Det var berre eit lite problem. Det var ikkje alt for godt merka, slik at eg klarte å gå litt for mykje nord langs heile Årskogheia mot Årskogstølen. Det var nok litt dyretrakk som lurte meg ut på "ville vegar". Frå Årskogstølen fann eg merka rute tilbake. Og store delar av turen var godt merka, men fleire stader var det vanskeleg å finne "den rette sti" ettersom merkinga nokre stader >>>

Map    

Furnesstølen

Date:
03.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:03h
Distance:
4.9km

Map    

Myklebuststølen

Date:
03.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:48h
Distance:
3.6km

På veg heim frå Utvik, der vi hadde fått oppdrag å hente nokre stolar til leiligheita til sonen og svigerdatter. Sidan verken eg eller mannen har vore heilt til endes i Myklebustdalen, så var det kjekt å sjå.

Map    

Viafjellet frå Tefre

Date:
01.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:42h
Distance:
8.1km

Hadde funne ut eg skulle teste ruta opp frå Tefre til Viefjellet. Greitt å finne stistart, men ikkje var det så godt merka, og heller ikkje var det så fin sti i starten. Mykje gjengrodd, men ikkje umogleg å finne ruta. I tillegg hjalp det ikkje at mykje av ruta rett etter traktorvegen bestod av blaut myr. Etter kvart så blei stien noko tydelegare og forsåvidt greitt å gå. Sikta meg inn på toppen av Viefjellet før eg skulle bort til Viafjellvarden. Og til mi store overrasking var det plutseleg kom eit og anna merke i nærleiken av toppen. Valte å gå ned til Vieåsen, slik at eg slapp ned i blautmyra ein gong til.

Map    

På Sightseeing i Florø

Date:
30.06.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:30h
Distance:
5.2km

Vi nytta litt halvdårlege værmeldingar til å ta ein tur på "trimpoengjakt" i Florø by. Fordelen med å delta på trimpoengjakta til Florø, er at ein plutseleg oppdagar nye ting og nye stader. Vi besøkte eit par stader, blandt anna "Den hemmelege kanona", som er ein kanon etter krigens dagar ikkje langt unna Gunhildvågen. Så blei det ein "innsjekk rett ved Flora vgs, Kleivahøgda. Der stod det ein benk og hadde litt usikt. Så blei det tur på Storåsen og Lilleåsen i tillegg rundt Lillevannet. Turen opp til Storåsen hadde ein liten avstikkar "Knapstadnuten", med ein sti eg ikkje har prøvd før. Neste stopp vart Brendøya, før vi avslutta på Sørstrand med eit bad for å toppe det heile. Ettersom eg egentleg er mest glad i å besøke ulike stader, >>>

Map    

Hydalen

Date:
29.06.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:36h
Distance:
8.6km

Fin tur til Hydalen med bading i vatnet.

Map