Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1762)
Blåfjellet frå Massnes
- Date:
- 30.03.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:55h
- Distance:
- 6.8km
Etter det eg har forstått på ulike turbeskrivelsar, så skulle stien være umerka, men god. Stien er nok ikkje så mykje brukt at den er svært tydeleg alle stader. Etter kvart som eg kom meg oppover, var det tydeleg at det gjekk litt dyretråkk her og der. Brukte kartet litt for å kunne finne fram. På veg nedatt traff eg faktisk på nokre rosa merke, som mest truleg er av privat initiativ. Desse forsvann like fort som dei dukka opp og var berre eit lite stykke. (Mogleg det var lenger, men eg så det i alle fall ikkje.
Nydeleg vær denne dagen. Slike dagar vil eg gjerne ha fleire av.
Hesten, Vågsøy
- Date:
- 23.03.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:47h
- Distance:
- 8.6km
Nydeleg tur til Vågsvåg. Var tidleg oppe for å rekke ferga frå Oldeide til Måløy. Køyrte til Vågsvåg og parkerte nede ved kaia, slik det er anbefalt. Fulgte god sti opp til Hestetinden. Lettgått og fint å gå. Nydeleg utsikt på toppen. Fulgte godt merka sti vidare til Såtetua og vidare til Nibbefjellet. Terrenget er flott å gå i utan at vi blei våte på beina. Frå Nibbefjellet var det skilta mot Hestetinden. Utan at vi fann så god sti, men skar rett ned mot stien vi gjekk opp til Hestetinden. Litt "krøkkete" terreng, men overkommeleg. Fulgte resten av stien ned til bilen att.
Vi fann ut at vi skulle ta ein tur ut til Kannesteinen og ete lunsjen vår der før vi reiste vidare til Hendanes fyr.
Absolutt ein nydeleg dag.
Bekkjavatnet rundt.
- Date:
- 22.03.2025
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:55h
- Distance:
- 7.0km
Ytrevågefjellet
- Date:
- 21.03.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:51h
- Distance:
- 5.1km
Fint vær og gode temperaturar. No startar vi å kjenne på smaken av vår. I tillegg er formen på veg oppover, så eg kan ikkje klage.
Ytrevågefjellet har eg blitt anbefalt som tur. Og den skuffa ikkje. Absolutt ein fin tur, sjølv om ikkje stien var like tydeleg heile vegen.
Nordheia og Djupviknipa
- Date:
- 19.03.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:32h
- Distance:
- 4.0km