Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Husfjellet ++

Date:
19.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:42h
Distance:
11.6km

Fin tur med kjekk kollega. Stien startar godt med god merking, men etter kvart som vi kom oss opp over skoggrensa, så på magisk vis forsvann merkinga... mulig det er vi som ikkje fulgte heilt med. Eg reknar med at merkinga kanskje gjekk bort til Liafjellsnakken og ikkje på høgste punktet. Vi blei einige om å ta ein rundtur, så då fulgte vi merkinga ned til foten av Eikelandsknoltren. Eg gjekk vidare opp til toppen, medan kollegaen gjekk rundt. Lettgått opp til Eikelandsknoltren og nedatt til merka sti. Stien gjekk over ei blaut myr, så det var ikkje så fristande å gå bort til Moldahytta. Eg tok sikte på ein liten omveg før eg sikta meg inn på stien ned mot Jakthytta. Hærleg og lettgått terreng.

Map    

Fureviksnipa, Skinnbroka og Fauskevarden

Date:
18.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:40h
Distance:
12.4km

Det var lova opplett i dag. Og med så mykje regn som har komme den siste tida og snø som ikkje har "sett seg", så forsvann snøen fortare enn svint. Etter kvart så letta det og det var mogleg å komme seg ut ein tur. Tykkjer runda rundt Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden er ganske fin runde. Tenkte eg skulle ta ruta frå parkeringsplassen ved Nordheia og gå over elva. Den var faktisk litt større og litt striare enn vanleg, så eg plumpa uti eit øyeblikk. Bra med vind på toppane, så det gjeld å "halde på hatten". Då er det jammen godt å ha ein vindtett jakke for å ikkje bli for kald. Faktisk heilt OK å gå utan broddar denne dagen, men klyvepartiet under toppen av Fauskevarden vart for isete for min del, så då blei det å gå ruta ein vanlegvis går på >>>

Map    

Gytta

Date:
14.01.2025
Characteristic:
Hike
Duration:
0:42h
Distance:
2.2km

Map    

Steinkorsen og Blåfjellet

Date:
12.01.2025
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
4:22h
Distance:
15.9km

Det gjeld å nytte finværet mens ein har det! Tenkte eg skulle ta ein tur i nærområdet i dag, sidan det blei litt køyring. Fann ut at truger var akkurat det som passa. Og det viste seg at eg hadde rett. Fint opptråkka med truger opp til Steinkorsen, så det hadde nok vore greitt med broddar. Men frå Steinkorsen var det blanda føre. Litt avblåst enkelte stader og enkelte stader var det djup snø. Eg fann etter kvart ut at eg skulle sjekke om eg fekk nokon til å hente meg ved Bunestølen, ettersom det er litt kortare og litt raskare rute enn å gå retur samme vegen. Dette er uansett ei fin runde. Heldigvis ordna det seg og eg kunne korte ned turen bittelitt. Fin tur på ein slik dag.

Map    

Lutesåta

Date:
11.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:45h
Distance:
2.0km

Starta ved parkeringsplassen ved vindmølleparken. Og tok sikte på vegen som var nærast. Kava meg i til dels djup snø, så her hadde nok det vore best med truger. Men det var ikkje så langt, så litt ekstra trim for blodpumpa gjer egentlig ikkje så mykje.

Map    

Grillhytta på Einen

Date:
11.01.2025
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
0:44h
Distance:
2.5km

Map    

Einingsfjellet

Date:
11.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:21h
Distance:
3.0km

Litt snø over alt. Heldigvis var det nokon som hadde gått med truger opp før meg. Så eg kunne bruke broddar i stadenfor. Hærleg med sola som skein så fint i dag.

Map    

Legene

Date:
07.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:48h
Distance:
2.8km

Map    

Halbrendsstølen

Date:
06.01.2025
Characteristic:
Snowshoe trip
Duration:
0:54h
Distance:
3.2km

Map    

Bøheia

Date:
05.01.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:23h
Distance:
6.7km

Litt vel kaldt i indre, så då tok vi sjansen på å reise ut i ytre. Parkerte i enden av Bøfeltet i Leirvika. Fulgte vegen oppover og over på sti. Litt krevjande å gå i dag på grunn av snø då det ikkje var like lett å sjå stien over alt. Brukte ut-appen og den fungerte glimrande. Flott utsikt over Sognefjorden frå toppen. På grunn av at det ikkje er så frossen i bakken, kladda broddane godt på veg opp og nedatt. Så då vi var komen heilt nedatt såg eg at eg hadde klart å miste den eine brodden. Så då vart det å ta ein bonustur halvegs opp igjen. Eg fann brodden att, dei er grei å ha når det er glatt føre.

Map