Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Flugestølen

Date:
31.07.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
0:51h
Distance:
5.1km
Map    

Gytta

Date:
30.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:48h
Distance:
2.2km
Map    

Ytstekupa og Daurmål

Date:
29.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:00h
Distance:
17.3km

Fann ut eg skulle teste ut å gå Ytstekupa og Daurmål frå Klakegg. Eg veit at det er merkt rute frå Klakegg og opp til gapahuken/Klakeggstølen. Merkinga er god etter at Jølster fjelltrim hadde turpost der. Eg var litt nysjerrig på om det kom til å være noko sti vidare, og gleda var stor då eg oppdaga at det var merkt vidare. Eg fulgte merkinga og det kan sjå ut til at den gjekk heilt til Svenskedalen. Stien var tydeleg mesteparten av vegen, med nokre få unntak. Det var også merke fleire stader, sjølv om det ikkje var like bra som opp til gapahuken. Stien gjekk litt under Klakeggfjellet og bort til Ytstekupa. Gjekk vidare frå Ytstekupa og opp til Daurmål utan vidare problem, terrenget er greitt å gå. Sikta meg inn på Flateegga og vidare til Klakeggfjellet. Deretter var det >>>

Map    

Hovden, Atløy

Date:
28.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:23h
Distance:
3.0km

Ny dag med regn i indre og finvær i ytre. Fin tur med søsteren

Map    

Høgeheia

Date:
27.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:44h
Distance:
4.6km

Når været i indre ikkje akkurat er nydeleg. Godt er det då at det kan være litt finare i ytre. Litt blaut sti oppover på grunn av nyleg regn. Men ellers ein fin tur.

Map    

Gytta

Date:
26.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.3km

Etter fire dagar med lengre turar, så var det greitt å ta ein kortare tur denne dagen. Hadde opplett på veg opp. Tok ei god stund i hengekøya i gapahuken for å nyte litt ro og fred med synet av litt regn. Etter ei lita stund så letta det att og eg tok fatt på turen nedatt utan ein drope og til og med litt sol. Av og til er det godt å berre ha ein mikrotur for seg sjølv.

Map    

Børgja og Øst for Bjørgja

Date:
25.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:35h
Distance:
17.8km

Nok ein finfin dag. Og ny mulighet til å besøke ein topp eg manglar. Det er nokre år sidan eg gjekk opp til Bjørgja og då kunne eg hugse at stien var godt merka på grunn av Jølster fjelltrim. Den merkinga var ikkje fullt så god lenger. og eg brukte nok litt tid å finne rett rute. Det er i den seinare tida også komt merking opp til Tortnegrøegga, så det er veldig lett å velge feil rute ettersom den er ein del betre merking på. Fulgte ei omtrentleg rute opp mot Rambjørgebotnen og vidare opp mot Bjørgjaryggen. Gjekk direkte bort på toppen Øst for Bjørgja, der var det litt store steinar innimellom, men ikkje verre enn at eg kunne klyve på dei. Etter kvart vart terrenget litt lettare. Ein liten rast mellom toppane før eg gjekk opp til Bjørgja. Terrenget opp dit var ein del >>>

Map    

Kupefjellet

Date:
24.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:45h
Distance:
21.7km

Kupefjellet er nok ein av dei toppane eg har studert lenge på korleis ein på ein enkel måte kan komme opp. Det er lite beskrivelse av turen opp. Men eg fekk tips ein gang om at det gjekk å gå opp langs Trollekupeelva. Det ville nok spare ein del km (og forhåpentligvis litt tid). Det var rimelig bratt opp lia, men fann ei grei rute opp, litt til høgre for elva. Vel oppe i Trollekupa studerte eg på om eg skulle gå rett opp til Kupefjellet, eller ta ei lita omveg. Eg såg det lettaste å gå til venstre og opp på ryggen for så å gå opp til toppen. Det er nok kanskje nokon som vil sei at det er like lett å gå rett på. Men men. Etter å ha funne ei grei rute opp vest for vatnet på 1147m, så var det å sikte seg inn på Kupefjellet. Terrenget oppe på høgda er greitt å gå. I >>>

Map    

Rikeloftet

Date:
23.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:17h
Distance:
15.0km

Eg har lenge sett på Rikeloftet og tenkt eg skulle ta turen. Og i dag passa det med både vær og tid. Eg har vore litt spent på turen sidan det er beskrive som luftig opp Tverreggsnasa og på ut.no så står det at ein ikkje bør gå opp der dersom ein har høgdeskrekk. Kor gale kan det være då??? Eg har rett nok litt høgdeskrekk, men eg har testa den ut nokre gongar på andre turar og det har stort sett gått bra. Køyrde opp ein grusveg frå Ytrehus og fann parkeringsplass. Gjekk innover under høgspentlinja og tok til høgre opp lia. Fann ein og anna sti her og der og etter kvart var det merka der det var naudsynt med merking. Oppe ved omnen studerte eg ruta vidare opp og tok sjansen på å prøve. Grei merking gjorde at det gjekk lettare enn eg hadde trudd. Vel oppe på Tverrfjellet >>>

Map    

Tindefjellet

Date:
22.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:07h
Distance:
15.7km

Planen var eigentleg ein ny topp i Jølster, men på grunn av skodda som hang langt nedover lia på Jølster i dag, var det til at eg ikkje tok sjansen på at det letta. Den toppen får komme ein annan gong. Eg valte heller å prøve ut ruta frå Svidal via Gygraklovet og til Tindefjellet. Litt blautt opp til Gygraklovet, ellers grei sti. Sjølv om Tindefjellet var OK med tanke på tåke, så kom og gikk den slik at det ikkje var heilt råd å få god utsikt i lengre periodar. Var ein tur nedom Gravsfjellet og Årsetstølen før eg tok returen ned mot Svidalsstølen og tilbake til bilen i Svidalen.

Map