Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1762)
Skogstadfjellet
- Date:
- 05.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:36h
- Distance:
- 6.5km
Fekk invitasjon frå søsteren om å gå ein tur på Skogstadfjellet. I desse dagar er været litt ubestemmelig. I eit øyeblikk er det høljeregn og i neste så er det sol. Og innimellom der er det haglebyger. Det er difor litt vanskeleg å finne turar som ikkje betyr at ein er kliss blaut på beina. Skogstadfjellet er fint med tanke på at deler av turen går i skog og skjermar difor for det verste regnbygene. Gleden vart stor då vi innimellom får solstrålar som til og med varmar. Sjølv om det ikkje er like fint som i mai, så må vi jo berre ta det været vi får. Og som vestlending så klarer dei fleste å glede seg over dei solstrålane vi kan få.
Hornnesstølen og Skeistølen
- Date:
- 03.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:29h
- Distance:
- 13.3km
Tur med Førde vidaregåande turlag.
Litt regn i lufta etter ca ein månad med finvær. Det stoppa ikkje dei mest ivrige i turlaget for det. Og det var faktisk ikkje så ille. Nokre regnbyger og littegrande vind var berre forfriskande. Stort sett mest opplett på turen, sjølv om beina ikkje akkurat var tørre. Det minner meg på at eg snart på imprignere skoa igjen, sjølv om eg kjem til å gløyme det til neste gong eg vert våt på beina.
Og som det vert sagt: du angrer aldri på ein tur. Ikkje denne gongen heller.
Erdalsstølen
- Date:
- 02.06.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:21h
- Distance:
- 6.0km
Smalerabben frå Førde
- Date:
- 01.06.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:16h
- Distance:
- 13.7km
Tur med kollegaer til Smalerabben. Testa ut ei anna rute enn vi gjekk sist. Fint å gå innover mot Lågeide og bratt opp på høgda. Dette gav mykje utsikt for innsatsen. Det er ei utfordring med høgda ned på begge sider over Smalerabben i alle fall for dei fleste. Det er ein spektakulær tur der høgdeskrekken vert utfordra. Her gjeld det å halde seg på beina og ikkje snuble.
Litt vind gjorde at lunsjen måtte takast i le ved Veslerabben. Godt å sette seg ned for ein pause og nyte utsikta. Retur ned mot Berlevatnet og følge Nordsjøløypa tilbake til Førde og parkeringsplassen. Vi var godt fornøgd med turen som vart valt.